AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Teori og praksis
Ein kan koma eit godt stykke i bridgen utan å kunne særleg mykje teori. Samstundes dukkar det ofte opp spel der elementær prosentrekning kan hjelpe ein med å ta dei riktige vala, og ofte ser ein òg fargekombinasjonar der éi handsaming er riktig og ei anna hakket dårlegare, matematisk sett. Vekas spel skriv seg frå 3. divisjon.  
 
 
E D 10 9 4 3 2
7 3
K 10 3
E
 
 
6 5
E K 8 2
E 8
K D 7 4 3
 
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass4 ru1)pass4 sp
pass4 gr2)pass5 hj3)
pass6 sppasspass
pass
1) Overføring til spar
2) Blackwood
3) To ess

 
Praktiske meldingar til ein glitrande slem. Ein kunne ha meldt meir akademisk med tanke på å avdekkje mogleg manglande hjarterhald her, men enkle meldingar har jo den store fordelen at dei gjer det vanskelegare for motparten å finne det rette utspelet.

Denne gongen var utspelet uvesentleg; alt handlar om handsaminga av sparen. Korleis spelar du fargen?

Spar til tiaren er hesleg dersom aust vinn med knekten, for etterpå veit du ikkje om du skal fiske på nytt (riktig om aust hadde knekten singel) eller toppe (riktig om aust hadde konge, knekt dobbel). Spar til dama er like ille om aust vinn med kongen, for etterpå veit du ikkje om du skal fiske på tiaren (riktig om aust hadde kongen singel) eller toppe (riktig om aust hadde konge, knekt dobbel).

Det beste er å spela spar til esset, som garderer deg mot alle desse variantane.

Slik spela min makker i den aktuelle runden, advokat i Norges fiskarlag Bjørn Kvello, og felte kongen singel bak. Slik vann han 17 feite IMP, då sør på det andre bordet spela spar til dama fyrst, og valde å toppe etterpå.

Eller nei. Slik såg heile spelet ut:

 
E D 10 9 4 3 2
7 3
K 10 3
E
 
K kn 8 7
D 10 9
kn 7 4
9 8 4
-
kn 6 5 4
D 9 6 5 2
kn 10 6 2
 
6 5
E K 8 2
E 8
K D 7 5 3
 

 
Denne sundagen i Brattørveita i Trondheim hadde kortguden openbert stått opp på feil side av senga, for denne usannsynlege sparfordelinga er den einaste der ein tapar (meir enn eit overstikk) på å spela spar til esset. No fanst det heller ikkje kommunikasjon til å berge seg med ein trumfreduksjon, så makker gjekk beit i soneslemmen, og det vart i staden vårt lag som tapte 17 IMP.

I Trondheim gjekk fleirtalet av dei som melde 6 spar beit, noko som vitnar om god teoretisk skolering i feltet. Litt skuffande var det at langt frå alle melde slem, men det kan nok koma av at ikkje alle opna 1 grand på sørs semibalanserte hand.

Ein siste merknad: Spar til dama hadde vore det riktige om kontrakten var 7 spar, det vil seia om ein ikkje toler å avgje eit einaste sparstikk.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger