AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Hastverk er lastverk
Vekas spel er eit klassisk døme på sløvsinn ved bridgebordet, frå ein krinskamp i Trondheimsserien for ei tid sidan. Men sør var kanskje i overkant hard mot seg sjølv.

 
9 8 3
6 3
K 8 7 4
E kn 9 7
 
 
E K 10 6 2
K D 9 7
-
D 10 3 2
 
 
VestNordØstSyd
1 sp
pass2 sppass3 kl
pass4 sppasspass
pass


Ein kortfargeinvitt i ruter hadde kanskje gjort nord meir skeptisk, men da nord–sør brukte langfargeinvittar, hadde nord til 4 spar. Utgangen er slett ikkje verst, og idet vest spelar hjarter fire ut til esset, ser det svært lyst ut.
 
Aust spelar hjarter to tilbake til kongen. Motparten bruker norske fordelingsutspel, og norsk fordeling frå attverande.

Sei at du no legg ned spar ess, som verkar naturleg. På denne fylgjer aust med dama. Korleis fører du korte vidare?

I praksis spela sør no den vesle hjarteren sin til steling, og drog spar ni. I denne augneblinken innsåg han kva han hadde gjort. Heile spelet såg slik ut:

 
9 8 3
6 3
K 8 7 4
E kn 9 7
 
kn 7 5 4
kn 8 4
E D 9 6
6 4
D
E 10 5 2
kn 10 5 3 2
K 8 5
 
E K 10 6 2
K D 9 7
-
D 10 3 2
 

 
Vest måtte no få for spar knekt. Frå han kom kløver i skift, og sit kløver konge i kapp, er alt sjølvsagt grønt. Men kløveren kan ikkje godt stikkast i bordet, for om sør no skal spela ruter til steling for å få teke ut trumfen, trumfmattar han seg sjølv – kløveren er jo enno ikkje sett opp. Sør måtte altså dukke kløveren, men no vann aust og spela den fjerde hjarteren sin, slik at vest fekk stole hjarter dame! Det var beita.

Sør klandra seg sjølv for denne speleføringa, og det med rette: Han bør absolutt ta for hjarter dame før han spelar hjarter ni til steling. Dette kan kanskje bli uheldig om hjarteren sat 5–2, men småkorta har gjort det tydeleg at det neppe sit slik – og om vest skulle stela hjarter dame, stel bordet over, medan ei eventuell steling i aust nesten må bli med spar knekt, som speleførar har råd til å tapa stikk for.
 
Ei fattig trøyst var det likevel at kontrakten nok går beit sjølv med riktig speleføring slik det sit, for på den fjerde hjarteren kan vest kaste kløver. Når han etterpå kjem inn på spar knekt, tek kløverskift livet av kontrakten: Om sør legg lågt i bordet, får jo vest ei kløversteling, og stikk han, er jo einaste alternativ å trumfmatte seg sjølv ved å spela ruter. Også om sør spelar hjarter dame og hjarter utan å ta ein høg spar fyrst, gjev det skisserte motspelet beit.
 
Det fungerer heller ikkje å spela kløver tidlegare, fordi ruter frå aust trumfmattar sør. Kontrakten er kort sagt alltid beit, så lenge vest ikkje spelar ruter ut. Men ein skal jo likevel spela så riktig som mogleg.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger