AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Hjelp til sjølvhjelp
Dei fleste bridgespelarar er samde om at makker er og blir ein komplett idiot, som ein verkeleg ikkje kan forvente stort av. Di viktigare er det å freista hjelpe han eller ho til å gjera det rette, sjølv om det tidvis kan fortone seg som ei umogleg oppgåve.
 
Du skal få ei motspelsprøve; ta plass i aust. 

 
7 5
2
D kn 10 8 6 5 3
10 9 3
 
K 9
kn 10 6 5
2
K D kn 7 6 4
 
VestNordØstSyd
1 hj
2 sppass3 sp4 ru
pass5 rupasspass
pass


3 kløver kunne vore ei alternativ melding over makkers veike innhopp, men fordelen med 3 spar er naturlegvis at den meldinga tek bort meir av 3-steget for sør.
 
Mot 5 ruter spelar makker spar ess ut. Medan speleførar bruker sine obligatoriske sekundar før han bed om liten spar frå blindemann, kan du jo gjera deg opp nokre tankar om motspelet.
 
De har utvilsamt to sparstikk å hente, så spørst det kor eit tridje stikk kan koma ifrå. At makker har eit ruterstikk, er usannsynleg. At han har hjarter ess, er litt meir sannsynleg. Kva med kløveren? Vel, har makker kløver ess, er beita i høgste grad innan rekkjevidde. Det er vel å merkje usannsynleg at sør har meir enn singel kløver, for han har fort tri spar når vest normalt syner seks med innhoppet sitt.  
 
Uansett: Du har berre éin spar du kan leggje, nemleg niaren. Det store problemet med dette kortet, er at det liknar veldig på eit svakheitskast. Ganske riktig: I neste stikk skifter makker kløver åtte. Du dekkjer kløver ti med … knekten? Tja, det kan vel ikkje spela noka rolle, når sør openbert er fødd med kløver ess singel? I neste stikk dreg speleførar ein ruter til bordet, makker fylgjer lågt, og så kjem ein hjarter til kongen og makkers ess.
 
Inne på hjarter ess, serverer makker sjølvsagt ein … kløver! Speleførar stel på handa, kastar ein spartapar i bordet på hjarter dame og vinn resten av stikka på kryss og tvers.  

 
7 5
2
D kn 10 8 6 5 3
10 9 3
 
E kn 10 8 4 2
E 8 4
4
8 5 2
K 9
kn 10 6 5
2
K D kn 7 6 4
 
D 6 3
K D 9 7 3
E K 9 7
E
 


Det er lett å bli sint på vest for at han aldri greidde å spela meir spar. Men ofte vil jo han som støttar til 3 spar, ha trikorts, og spar ni er no ein gong ikkje så lett å tolke som eit styrkekast. Å skifte kløver i stikk to er rimeleg desidert, medan hjarter ess enno er intakt. Skulle sørs svarte kort vera spar konge dobbel og kløver ess dobbel, må det òg spelast ny kløver inne på spar ess. Det kan vel seiast at aust frå spar dame tridje burde ha lempa dama heller enn niaren, slik at han ikkje kan ha dei korta. Men når vi no skulle fokusere på dette med å hjelpe makker: Kva kunne aust ha gjort annleis?
 
Ein liten vekkjar for vest kan det sjølvsagt vera om aust legg i hjarter knekt på den vesle hjarter frå bordet. Det største poenget ligg likevel i kløveren: Aust veit noko som vest ikkje veit, nemleg at det ikkje finst noko kløverstikk å hente i motspelet. Kløver knekt kan vera frå konge, dame, knekt, og kløver dame kan vera frå konge, dame. Aust skal leggje kløver konge i fyrste kløverrunde. Det seier at ein ikkje har dama, eller i dette tilfellet: Kløver er fåfengt, spel noko anna!
 
Bridge handlar om samarbeid, og samarbeid er jaggu ikkje enkelt, anten det no er i bridgen eller i kjærleikslivet.

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger