AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tronge tider
Å telja stikk er noko av det viktigaste ein kan gjera som speleførar. Og jo før ein får gjort det, di betre. Vekas spel er eit døme til skrekk og åtvaring, frå ein krinskamp i Trondheim i vår.   
 
 
D 6 5 2
K kn 10
10
K 10 8 6 5
 
10 7
D 7 4 2
D kn 7 5
E D 5
9 8 4 3
9 8 6
E 8 4 2
kn 9
 
E K kn
E 5 3
K 9 6 3
7 3 2
 
 
VestNordØstSyd
pass1 gr
pass2 klpass2 ru
pass3 grpasspass
pass

 
Eit apropos fyrst: Kva ville du ha spela ut i vest? Ideen om major ut mot grand er velkjend, og det er jo ein fare for at sør har god ruter etter dette meldingsforlaupet. Men ser ein på vest si hand, er det openbert at ein treng mindre hjelp frå makker for at ruterutspel skal bli vellykka, enn for at majorutspel skal bli det. Kontrakten står riktig nok likevel: Så lenge sør finn hjarter dame, kan ingen nekte han fire sparstikk, tre hjarterstikk og eitt stikk for kvar minorkonge.
 
På båe bord i den aktuelle lagkampen valde vest å spela hjarter ut. No er det vel heilt grønt, er det ikkje?
 
Båe sørspelarane var gode speleførarar. Likevel valde dei båe i denne kontrakten same potensielt katastrofale variant! Etter at hjarter knekt stod og ein spar vart dregen til esset, sende dei i veg ein kløver til tiaren.  
 
Om ein har god råd, er det fint å sondere terrenget litt i kløver – sjølv om det skal seiast at ein truleg blir nøydd til å spela kløver til kongen etterpå likevel. Men om ein her tek seg tid til å telja stikk, er det nokså openbert at ein ikkje toler nokon «luksus» i kløver: Ruterskift frå aust vil fort vera dauden.
 
På det eine bordet kom det då òg ruter i sving, som måtte dukkast til knekten. Ein ny ruter stakk aust med esset for å spela endå ein. Dimed hadde forsvaret sett opp tre ruterstikk pluss dei to kløverstikka, før speleførar kunne ta sine ni. Éi beit.
 
På den andre bordet slapp sør med skrekken, då aust spela ny hjarter inne på kløver ni. Dimed fekk speleførar sett opp kløveren før forsvaret hadde sett opp ruteren, og det vart endåtil ti stikk.
 
Riktig speleføring er utvilsamt å dra kløver til kongen i tredje stikk. Står den, er jo nesten alt i boks, for no spelar ein ny kløver, og anten vil ein rekkje å godspela kløveren, eller så skifter motparten ruter og endar med å godspela eit stikk for sør der.

Det blir sjølvsagt ikkje hyggeleg om kløver konge tapar til esset. Men det er endå mindre hyggeleg å gå beit når kløver ess faktisk sit på rettsida.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger