AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Bakkestart
Christian Bakke presterte bra i sitt fyrste Bermuda Bowl i Italia i månadsskiftet mars/april. På den siste dagen i grunnspelet var det norske laget i ein noko farleg situasjon, der dei risikerte å falle ut av topp åtte og dimed sluttspelet om dei skulle koma til å gå på store tap. Den tredje siste kampen, mot sterke USA 1, var altså viktig – og her klaska Noreg til med ein lekker siger 15,56–4,44, mellom anna på grunn av spelet under. 

 
9
K kn 5 4 2
E D 6 3
E kn 7
 
E 8 4 3
10 7 6
7
K 8 5 3 2
kn 7 6 5 2
E D 3
kn 9 8
D 9
 
K D 10
9 8
K 10 5 4 2
10 6 4
 
 
VestNordØstSyd
R. LevinBrogelandWeinsteinBakke
passpass
pass1 hj1 sp1 gr
3 spdblpass3 gr
passpasspass


På det andre bordet stampa Geir Helgemo i aust friskt i 4 spar, med to beit som resultat. Mange IMP stod altså på spel i 3 grand.
 
Robert «Bobby» Levin byrja motspelet med spar tre, fjerde høgste, til knekten og kongen. Bakke ser no på to sparstikk, fem ruterstikk og kløver ess, men den niande stikket verkar vanskelegare å få tak i. I teorien kan speleførar alltid få to kløverstikk, men det fordrar at ein løyser kløveren på ein temmeleg «aktuell» måte, som i praksis er ganske uaktuell.
 
Men eit gamalt jungelord i bridgen seier at om ein berre tek nokre stikk, så forsvinn det nokre stikk – frå motparten, altså. Bakke tok dei fem ruterstikka sine, og stakkars Steve Weinstein skulle gjera to avkast. Ein hjarter på den nest siste ruteren var uproblematisk, men så? 

 
-
K kn 5 4 2
-
E kn 7
 
E 8 4
10 6
-
K 8 5
7 6 5 2
E D
-
D 9
 
D 10
9 8
2
10 6 4
 

 
Bakke spelar altså den siste ruteren, og kva skal Weinstein kaste? Hjarter dame går openbert ikkje. Kløver ni hadde nok vore det beste aktuelt, men eg trur ikkje Bakke hadde trødd feil i den situasjonen heller.
 
Da Weinstein i praksis kasta ein spar, kunne Bakke spela hjarter til knekt og dame. Weinstein skifte spar til dama og esset hjå Levin, som rydda unna spar ti med nok ein spar. Men no var det berre for Bakke å spela nok ein hjarter. Weinstein kom inn på esset, men hadde berre eitt sparstikk å ta, og bordet tok det åttande og niande stikket med kløver ess og ein høg hjarter.
 
Ingen heksekunst, men eit pent spel mellom mange i VM frå vårt unge stjerneskot.

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger