Dag 3 vart ingen stor dag for Noregs opne lag, med tap for Indonesia og stortap for Sverige, men det kom seg litt med ein ørliten vinst mot USA 2 i siste kamp. Riktig nok ramla det for mange IMP ut der òg, men vi får fokusere på det positive! Brogeland–Lindqvist melde to glitrande slemmar som amerikanarane ikkje fann.
|  9 5 2  kn 9 7  E K D kn 4  8 4 | |  8 3  D 5 2  9 6 5 2  E D kn 7 |  |  kn  K 10 6 3  10 7  K 10 9 5 3 2 | |  E K D 10 7 6 4  E 8 4  8 3  6 | |
| Vest | Nord | Øst | Syd | Moss | Brogeland | Lall | Lindqvist | | | | 1 sp | pass | 3 kl* | pass | 4 kl** | pass | 6 ru | pass | 6 sp | pass | pass | pass | |
*Invitt med trikorts spar **Kortfarge
Det ser så lett ut, men her handlar det om gode avtaler og det å stole på makker. Det er essensielt å kunne skilja på ei kontrollmelding som kan vera ein honnør, og ei som lovar kortfarge. Når Brogeland veit at makker er kort i kløver, har handa hans plutseleg vorte veldig god. 6 ruter var ei logisk melding som forslag til kontrakt, sidan sparen jo kan vera dårlegare som trumf.
Geoff Hampson–Eric Greco på det andre bordet spela presisjon, men greidde ikkje å finne slemmen, så dette vart 11 IMP til Noreg. Naturleg system kan fungere aldeles glimrande, så lenge ein har gode verktøy og ein god dose logikk i bakhand.
|  E K D kn 8 6 5  -  D 7 6 2  10 5 | |  9  E K kn 10 9 7 3 2  9 3  D 6 |  |  10 7 3 2  8 6 4  10 4  kn 7 4 2 | |  4  D 5  E K kn 8 5  E K 9 8 3 | |
| Vest | Nord | Øst | Syd | Moss | Brogeland | Lall | Lindqvist | | 4 ru* | pass | 4 hj** | 5 hj | 6 hj | pass | 7 sp | pass | pass | pass | |
*Gående spar **Spør etter cue
Å bruke 4 kløver som gåande hjarter og 4 ruter som gåande spar, i alle fall i fyrste og andre hand, trur eg er eit svært godt byte mot 4 i minor som naturleg, som ein sjeldan har lyst til å opne i, ikkje minst fordi det drep ein mogleg 3 grand. Så er det gull å ha 4 hjarter som sleminteresse over 4 ruter, meir spesifikt eit spørsmål til makker om å melde av ein eventuell sidekontroll, noko han jo langt frå alltid har for opninga. 6 hjarter måtte syne fyrstekontroll, og konklusjonen var enkel for Espen Lindqvist.
På det andre bordet vart det ei anna utvikling, då Eric Greco opna 1 spar, fekk 2 ruter frå makker og 4 hjarter inn, som han melde 5 hjarter på. Det måtte òg vera fyrstekontroll, og Geoff Hampson sa no 7 ruter, før Tundal eigenhendig stampa i 7 hjarter. Det var ei tøff avgjerd, men han trudde på motparten, som vil få 2140 i 7 ruter, mot sannsynlege fem dobla beit, 1400, i 7 hjarter. Akkurat slik vart det, 13 IMP til Noreg. Men Greco kunne kanskje ha vurdert 7 spar over 7 hjarter? Makker har vel truleg minst ess, konge femte i ruter og kløver ess, så det skal vera ein dårleg dag om 7 spar er beit.
Av Erlend Skjetne |