AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden /
 
Dagens spill fra VM (dag 4)

Dagens andre kamp vart ein hyggeleg affære for det norske laget i open klasse. Den russiske bjørnen fekk verkeleg køyrd seg.

Mellom fleire gode scorar ramla det inn to snasne dobla heimgangar.

 
D 7 6
kn 10
D 9 6 3 2
E 10 7
 
K 3 2
D 9 4 3 2
10 8
D kn 5
E 8 5 4
6
K 7
K 9 8 4 3 2
 
kn 10 9
E K 8 7 5
E kn 5 4
6
 
 
VestNordØstSyd
MatushkoBrogelandKhokhlovLindqvist
pass2 kl*2 hj
passpassdblpass
passpass
*Presisjon, syner kløver og normale opningsverdiar


Aggressivt av Georgij Matushko å gå for å straffe 2 hjarter. På det andre bordet opna også Nils Kåre Kvangraven med 2 kløver presisjon, men etter 2 hjarter inn, valde Ulf Håkon Tundal meir forsiktig å melde 3 kløver. Den kontrakten gjekk ei beit, men det vart magert for russarane, då Espen Lindqvist synte nok eit eksempel på sine solide speleteknikk, og ikkje hadde store vanskar med å vinne 2 hjarter dobla.


Kløver dame kom ut til esset, og Espen tok straks ruterkutten. Deretter galdt det å få i gang eit sparstikk òg, så han spela spar knekt. Matushko stakk med kongen og spela kløver knekt til steling, før ny spar gjekk til liten i bordet og esset frå Jurij Khokhlov. Han skifte trumf, Espen stakk med esset, tok ruter ess og spela spar ni til dama. Ny ruter kunne vest få lov til å stela, men han var no på ein måte innspela. Hjarter dame tok med seg knekten og kongen, men enno har forsvaret berre fått tri stikk, og Espen kunne presse med ståande ruter. Vest fekk for niaren og firaren i hjarter, men det var alt, 670 til Noreg og 11 IMP.


 
D 8 6
9 5 4 2
K D
K 9 6 4
 
E K kn 7 3
-
E kn 7 2
kn 10 5 3
10 5 2
K 7 3
kn 9 6 4 3
D 2
 
9 4
E D kn 10 8 6
8 5
E 8 7
 
 
VestNordØstSyd
MatushkoBrogelandKhokhlovLindqvist
1 hj
1sp2 gr*pass3 kl**
pass3 hjpass4 hj
dblpasspass
*Stenberg, minst invitt til utgang
**Seminaturleg tillegg


Mot 4 hjarter dobla byrja Matushko med spar ess, og då var spelet fort over. I neste stikk skifte han kløver, men Espen stakk på handa og spela spar. Matushko stakk med kongen og spela ny kløver, men det var for seint: Inne på kløver konge kunne Espen ta spar dame og kaste kløvertaparen, og endeleg spela hjarter ni rundt, som fanga opp kongen.


790 kan synast å vera eit litt heldig resultat, men på den andre sida: Når nord viser ein utgangsinvitt mot ei hjarteropning, trur eg ikkje sør kan ta sjansen på ikkje å melde utgang, som russaren på det andre bordet gjorde etter same innleiing. Der valde riktig nok Tundal å doble opplysande direkte på 3 kløver, så det er mogleg at det skremde russarane. Iallfall passa dei ut då Kvangraven melde 3 spar, og Tundal fekk spela 3 spar med heimgang, for 14 IMP til Noreg. Putin ser nok ikkje med blide augo på ei slik feigheit!

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger