AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden /
 
Dagens spill fra VM (dag 5)
Det norske damelaget har synt god form så langt i VM. I siste kamp torsdag møtte dei sterkt plasserte Polen, som må seiast å vera ein av favorittane i tevlinga. Men dei norske damene synte imponerande lite respekt, og vann kampen 42–20 mykje på grunn av harde og aktuelle meldingar.  
 
 
7
D kn 7 6 4
9 6 3
E kn 7 4
 
D 3
K 5 2
8 5 2
K D 5 3 2
K 9 7 5 2
9 3
D kn 10 7
8 6
 
E kn 10 8 4
E 10 8
E K 4
10 9
 
 
VestNordØstSyd
ØigardenDufratGrudeZmuda
2 ru*2 sp
passpasspass
* Søppelmulti
 
Dette spelet syner tydeleg kor effektiv ei enkel sperremelding kan vera. Ein kan vanskeleg sjikanere polakkane for meldingane deira, men aktuelt landa dei i ein nitrist delkontrakt i staden for den glitrande hjarterutgangen, som Gunn Tove Vist–Torild Heskje vann med overstikk på det andre bordet. 11 IMP til Noreg.
 
Legg merke til at Bodil Nyheim Øigarden passa over sørs 2 spar. Viss ein innbiller seg at makker må ha hjarter, kan det vera fort gjort å melde noko. Men risikoen er skyhøg, denne gongen kunne det verkeleg gått heilt gale, og det er lite å tene når motparten allereie har funne den eventuelle spartilpassen sin.
 
 
K D 10 4
D 6
kn 9 8 5 3
3 2
 
8
kn 9 8 5 4 3
E D
K kn 9 5
E 9 7 6 3
E 10
K 7 2
10 6 4
 
kn 5 2
K 7 2
10 6 4
E D 8 7
 
 
VestNordØstSyd
ØigardenDufratGrudeZmuda
pass
1 hjpass1 sppass
2 hjpass4 hjpass
passpass
 
Ballhardt av Liv Marit Grude! Men sit kløver dame i kapp, er svært mykje gjort, og sjølv om kløveren skulle syne seg å gje to taparar, kan jo trumfen ordne seg med éin. Aktuelt sat det heilt fortreffeleg, og det vart til og med overstikk i soneutgangen.
 
Polakkane i det andre bordet stogga i 2 grand, som verkeleg ikkje fortener nokon premie; eg ville langt heller vore i 4 hjarter. Nye 10 IMP til Noreg.
 
 
D 4
10 7 4
7 6
E D 8 5 4 2
 
K kn 9 5 3
E kn 6 5
kn 10
K 7
7 2
9 3 2
K D 9 8 5 3
kn 9
 
E 10 8 6
K D 8
E 4 2
10 6 3
 
 
VestNordØstSyd
KazmuchaVistSarniakHeskje
3 klpass3 gr
passpasspass
 
Fleire tøffe tak frå nordmennene. Eg er heilt samd med Vist i opne 3 kløver, men om det er riktig å seia 3 grand, kan nok diskuterast. Det kjem jo delvis an på kva sperrestil ein har. Men om sperremeldingane kan vera litt rufsete, kan ein fort byte pluss mot minus ved å prøve 3 grand, som vel i beste fall må trengje heldig sits. Eg såg mellom andre den israelske stjerna Dror Padon passe sin makkers 3 kløver, og då kom ei anna oppside ved passen til syne: Vest følte seg forplikta til å balansere, og 3 spar, som han melde, var verkeleg ingen lykksalig kontrakt.
 
Men ein skal ikkje argumentere mot suksess. Med liten spar ut, som Heskje fekk, er det riktig nok ikkje heilt opplagt kva som er beste speleføring i 3 grand. Viss BBO-operatøren har trykt riktig, fylgde kløver ti i andre stikk. Med tanke på ein eventuell singel knekt i vest, veit eg ikkje om dette er korrekt bridge, spesielt ikkje sidan Heskje uansett hadde tenkt å dukke kløver konge – iallfall gjorde ho det då vest dekte kløver ti. Å lasjere kongen er heller ikkje ufarleg, for ein kan jo få ruterskift, og har enno berre åtte stikk. Men på den andre sida blir det veldig fåe stikk om kløveren sit 3–1, og ein ikkje held på kommunikasjonen til blindemann. Aktuelt skifte vest hjarter inne på kløver konge, og kontrakten gjekk heim med overstikk.
 
På det andre bordet passa nord i opning, og Liv Marit Grude fighta etter kvart spenstig til 3 ruter. Kontrakten gjekk éi beit, for nye 8 IMP til Noreg.
 
Tri utscorar vart det undervegs, men dei tri storspela over pluss ein del anna småsnacks, bidrog til eit hyggeleg kampresultat for frekke norske damer.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger