AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Dag 3 i EM: Noreg i tet
Noreg hadde eit spennande program i dag, med sterke Nederland i fyrste kamp, etterfylgt av meir mediokre Spania, og så formidable Polen i siste kamp.
 
Båe dei to fyrste kampane var jamne, men Noreg trekte det lengste strået til slutt, og vann 12,29–7,71 mot Nederland, 11,20–8,80 mot Spania.
 
Mot Nederland vart alt avgjort av ein høgdramatisk 7 spar, som riktig nok alltid kunne vinnast i teorien, men der ruteren gjorde det vanskeleg: På kombinasjonen AQ9xxx mot Jx måtte ein fyrst dra knekten til kongen og esset, og så spela liten til niaren. Viss ikkje var det ikkje nok stikk, då K10xx sat framfor lengda. Det naturlege var å ta éin kutt og så prøve å stela god sorten, som nederlendaren gjorde, men då vart det beit. Slik hadde nok Tundal òg spela, i same kontrakt, men mot han vart ikkje knekten dekt! Dimed var alt is og brus. Spelet gav ikkje mindre enn 20 IMP til Noreg.
 
Mot Spania vart Noreg berga på slutten, då Tundal–Kvangraven stogga fornuftig i 3 grand, som riktig nok kunne beitast med eit kritisk utspel, men aktuelt gjekk heim. På det andre bordet melde spanjakkane overambisiøst til 6 ruter, som alltid var dømt til beit med det same kritiske utspelet, og sågar gjekk to beit då trumfen sat 5–0. I kampen mellom Nederland og Belgia vart forresten det same spelet butt: 3 grand med éi beit på det eine bordet, 6 grand med éi beit på det andre.
 
Mot Polen, i høgste grad ein medaljekandidat i tevlinga, fekk Noreg sin beste kamp i dag! Alt i tridje spel fekk Brogeland på merkeleg vis tråkka på seg ein soneutgang, der Livgård–Aa henta ei dobla beit. På spelet etter fekk polakkane spela 5 kløver udobla mot Brogeland–Lindqvist. Det var alltid elleve stikk slik det sat, men med utspelsbom vart det heile tretten stikk. Livgård–Aa vart dobla i same kontrakt. Heller ikkje der kom hjarter ut, så like etter stod scoren 1150 på blokka deira.
 
Fylgjande spel var endå ei tapt moglegheit for polakkane:

 
632
1096
DKn5
KDKn3
 
EKn75
KD75
1032
96
D109
842
864
E742
 
K84
EKn3
EK97
1085
 
 
VestNordØstSyd
BurasBrogelandNarkiewiczLindqvist
passpass1 NT
pass3 NTpasspass
pass


Mot Livgård–Aa stogga polakkane, fornuftig nok, i 1 grand. Men Brogeland–Lindqvist går ikkje glipp av mange shaky utgangar. Naturleg nok kom ein liten hjarter ut mot 3 grand, ein god start for speleførar. Etter å ha vunne med tiaren i bordet, drog Lindqvist kløver konge som han fekk for, dinest ein kløver til tiaren, og ein tridje kløver til esset.
 
På den tridje kløverrunden kasta Buras i vest ruter ti. Held Narkiewicz fram i utspelsfargen, har Lindqvist sine ni stikk. Men han greidde å skifte spar. Han byrja med tiaren, som han fekk for, men var for snar då han heldt fram med spar ni. Lindqvist tok seg ein tenkjepause, men greidde til slutt å leggje kongen. Dette blokkerte sparen for polakkane, slik at kontrakten var heime att.
 
Det er vanskeleg å sjå nokon god grunn til ikkje å spela spar dame i andre sparrunde, så Narkiewicz søv kanskje ikkje heilt godt etter dette spelet. Det gav 6 IMP til Noreg, som vann kampen 36–6 i IMP, 16,73–3,27 i VP. Dimed er det Noreg som leier EM etter ti kampar! 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger