AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
One that got away
Underteikna vil nytte høvet her i den spalta til igjen å gratulere lag Highlanders med gull i EM lag. Sigeren deira var ein stor augneblink for norsk bridge, og eg synst det er ekstra gledeleg at spelarar som er så sympatiske og gjer så mykje viktig frivillig arbeid for bridgen, får oppleva ein slik triumf.
 
Vekas spel er altså ikkje meint som nokon kritikk, men det fortener spalteplass i eigenskap av å vera eit interessant motspelsproblem, som eg mistenkjer at dei aller fleste ville bomma på. Det skriv seg frå den fyrste sesjonen av finalen i EM lag. Ta plassen til Sam Inge Høyland i vest.

 
kn 7 4
D 7 3
E K
K D 10 4 3
 
3
kn 9 8 6 4
D 8 4
E kn 8 7
 
VestNordØstSyd
Sam Inge HøylandKoukouselisSven-Olai HøylandKontomitros
passpass
pass1 kl1 sp1 gr
pass2 grpass3 ru
pass3 grpasspass
pass

 
Sørs 3 ruter vart forklåra som ein slags invitt med ruter, altså slik å forstå at nord kan melde 3 grand berre om han har ruterstøtte.

Heller enn å risikere å rulle opp ein sidefarge for speleførar, vel du å spela ut sorten du veit at makkeren din har, nemleg spar.
 
Triaren går til åttaren i aust og tiaren i sør. No held speleførar fram med dei to store ruterane i bordet – makkeren din fylgjer med niaren og seksaren. No bed speleførar om ein hjarter frå bordet, og makker i aust stikk med esset. Sør legg lågt, og så kjem spar konge frå makker. Speleførar stikk no med esset, og spelar ruter knekt. På dama di kastar bordet ein kløver, og makker kastar ein spar. Kva tankar gjer du deg no?
 
Her gjeld det å ta ein time-out og føye saman dei opplysningane du har fått til eit bilete av korleis spelet ser ut. Du veit no at sør byrja med seks ruter. Kor mange spar hadde han frå start? Alt tyder på at det var fire. For om makkeren din byrja med seks spar, kvifor opna han ikkje med ei veike 2-melding? Sør hadde altså ti kort i dei spisse fargane. Enn vidare veit du at han byrja med minst to hjarter, for han har jo allereie fylgt med éin, og hjarter konge må han ha att, sidan makkeren din stakk hjarteren med esset. Det einaste spørsmålet er om han byrja med tri hjarter og null kløver, eller to hjarter òg ein kløver.
 
Så må ein òg spørja seg korleis det skal kunne bli beit i utgangen. Skulle det fyrstnemnde vera tilfelle, at sør hadde tri hjarter frå start, har sør etablert to hjarterstikk i tillegg til fem ruterstikk, og to sparstikk har han allereie fått. Altså ingen beitesjanse.
 
Kva om sør berre hadde to hjarter? Då har han faktisk ikkje ni stikk enno, fordi det ikkje finst eit kjapt inntak til hjarter dame i bordet.
 
Slik såg heile spelet ut: 

 
kn 7 4
D 7 3
E K
K D 10 4 3
 
3
kn 9 8 6 4
D 8 4
E kn 8 7
K D 9 8 2
E 10 5
9 6
9 5 2
 
E 10 6 5
K 2
kn 10 7 5 3 2
6
 

 
Sam Inge Høyland gjorde her ein sjeldan feil, då han, i den skisserte situasjonen, spela ein hjarter. Sør vann med kongen, tok ruterstikka sine og fridde seg med kløver seks. Høyland kunne ikkje no nekte bordet både eit kløver- og eit hjarterstikk, for totalt ti stikk og 430.
 
Ser du løysinga? Inne på ruter dame må du ta for kløver ess. Så spelar du ein hjarter. Sør kjem inn på kongen og tek ruterstikka sine, men har deretter berre to sparfiller att. Dame, ni hjå aust blir dei to stikka som beitar kontrakten.
 
Det skal seiast at resultatet vart det same på det andre bordet, der Harald Eide i fjerde hand opna med 1 grand. Aust spela spar konge ut, som Eide valde å dukke. No måtte aust halde fram med spar dame for å beite kontrakten, då denne øydelegg kommunikasjonen til bordet. Men då aust i staden spela spar ni opp att, var alt is og brus.
 
Grandutgangar som denne fyk heim i hytt og vêr på både høge og lægre nivå. Noko av det mest imponerande med lag Highlanders sin innsats i EM, var at dei alltid greidde å leggje dei dårlege spela attom seg, og gå på med friskt mot i neste spel. Den evna er ein absolutt føresetnad om ein skal kunne vinne store tevlingar.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger