AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Fatal flukt
I skrivande stund går det mot slutten i grunnspelet i NM klubblag. Vi skal attende til dei innleiande rundane, der eit dramatisk og noko komisk spel førekom under ein kamp mellom to svært gode lag – der spelarane rett nok skal få lov til å vera anonyme. 

 
E K 10 3
K kn 10 4
E kn
D 9 2
 
kn 9 8 2
E 5
K D 9 8 3
10 5
7 6 4
9 8 7 3 2
10 6 5 2
6
 
D 5
D 6
7 3
E K kn 8 7 4 3
 


På båe bord opna sør med alle i sona i 1 kløver, vest melde inn 1 ruter og nord melde 1 spar, som mange som bruker kløver med overføringar nyttar som båe major (meldinga er «ledig» fordi dobling viser hjarter og 1 hjarter spar). Så skjedde ulike ting på dei to borda.
 
Vi kan jo byrja der aust passa. Sør sa 2 kløver, vest passa og nord kravde med 2 ruter. No sa sør 3 kløver, og nord sleminviterte med 4 kløver. Fordi han ikkje hadde nokre kontrollmeldingar tilgjengelege, sa sør 5 kløver. Men det blir for tamt, trur eg, når ein har slått av eit par gonger allereie, og trass alt har den sjuande kløveren, eit ekstra stikk.
 
Det er interessant kva 4 grand skal vera – ein av ekspertane i aktuelle rundekamp føreslo i etterkant at det bør syne ei tilleggshand med lang kløver utan kontrollmelding, som er det sør har. Men i mangel på ei slik avtale trur eg kanskje at ein bør lyge litt og seia til dømes 4 hjarter, som i alle fall får fortalt at ein ikkje har ruterkontroll.
 
Nord treng berre ein veslefinger for å gå på til slem, men over 5 kløver frå makker passa han. Nord–sør har tolv ess i kløverkontrakt, og forventa eit tapsspel.
 
På det andre bordet hoppa aust til 3 ruter over 1 spar, sperr. No kom sør opp med den nokså spinnville meldinga 3 grand! Korleis ein kan få seg til å melde det med to småe ruter, forstår ikkje eg. I ettertid klandra nord seg sjølv for at han ikkje undersøkte moglegheitene for at kløverslem kunne vera det beste, for det verka jo ikkje usannsynleg at sørs melding var tufta på ein lang kløver, men eg har sympati for hans praktiske val av 6 grand. Eg hadde vel vore mest uroleg for at det kunne stå storeslem.
 
Vest dobla. No fekk sør med sine to småe ruter plutseleg panikk, og tok ut i 7 kløver! Ikkje særleg lurt, vil eg seia – om ein no fyrst har meldt som ein har, trur eg berre ein må knipe att augo og håpe på det beste. I 7 kløver måtte det bli ei dobla beit, men korleis hadde det gått i 6 grand?
 
Jo, vest som nok trudde at konge, dame i ruter saman med hjarter ess skulle gje ei sikker beit, blir heilt automatisk skvisa i hel i spar og ruter, slik at sør slepp å ta den ekle finessen på spar ti. Tolv stikk og dobla heimgang, for eit stort gevinstspel i staden for eit stort tapsspel for nord–sør. Dette vart utslagsgjevande i kampen, for å seia det mildt.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger