AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Klår tale
Vonde tunger har hevda at bridge er eit sosialt spel som for det meste blir spela av asosiale menneske. Det er ei spissformulering, men det er eit faktum at mange bridgespelarar liker dårleg at samarbeid er ein særs viktig del av bridgen. Dei føretrekkjer å kritisere makker etter spelet framfor å hjelpe han eller ho til å gjera det rette medan sjansen er der.
 
Dette er sjølvsagt ein kostbar strategi. Jo enklare du kan gjera spelet for makker, jo rikare vil du bli. Her er eit døme frå finalen i NM klubblag nyleg. Ta plass i vest.    

 
kn 10 2
7 5 2
10 9 6 2
K kn 10
 
E 9 8 6 5
E K kn 9 6
8 7
5
 
VestNordØstSyd
pass1 ru
2 ru1)3 ru4 hj5 ru
passpasspass
1) Båe major


Slik gjekk meldingsforlaupet på båe bord i oppgjeret mellom Heimdal-laget Austberg og Bergen akademiske Høyland, med den vesle skilnaden at Jim Idar Høyland dobla 5 ruter, medan Arild Rasmussen ikkje gjorde det.

Dersom ein har ei avtale om at kongeutspel på høge nivå bed om fordelingskast i staden for styrke/svakheit, kan hjarter konge vera eit aktuelt utspel. Ved bordet spela Rasmussen hjarter ess og Høyland hjarter konge ut. Korleis held du fram om makker no fylgjer med firaren? Kva om han i staden fylgjer med tiaren?

Trur du at det er fleire stikk å hente i hjarter? Makkeren din vil vel ofte ha firekorts for meldinga si i sona, men han kanskje ikkje ha det. Kva med spar? Det er jo hyggeleg for sør om du straks løyser sparen for han, dersom han til dømes har kongen dobbel. Men på den andre sida er det då teknisk sett umogleg for forsvaret å få meir enn eitt sparstikk likevel. Så sparskift er kanskje greitt. Men hastar det?

 
kn 10 2
7 5 2
10 9 6 2
K kn 10
 
E 9 8 6 5
E K kn 9 6
8 7
5
K D 3
D 10 8 4
kn 3
D 6 4 2
 
7 4
3
E K D 5 4
E 9 8 7 3
 

 
Jo, det gjorde det. Då Rasmussen for Heimdal heldt fram med hjarter konge, var det ei smal sak for Magne Eide i sør å ta ut trumfen og finne kløveren (finessen gjennom aust vart markert, idet vest synte fram to trumf i tillegg til dei ti majorkorta han viste i meldingsforlaupet). Dimed kunne to spar kastast i bordet, og kontrakten gjekk i hus.

På det andre bordet fann Høyland sparskiftet. Eg for min del ville ha tolka hjarter ti primært som eit svakheitskast, ikkje som lavinthal (det blir fort kaos om eitt og same kast skal tyde mykje forskjellig), men honnør til Høyland for godt motspel.

I alle høve vil eg hevde at aust kan løyse alle vanskar for vest, og la han sleppe å tenkje i det heile. Under hjarter ess – eller konge – bør han ganske enkelt kaste hjarter dame. Han veit at han ikkje har bruk for denne, ettersom eiga side har minst ni hjarter til saman, slik at det ikkje finst fleire stikk å hente i den sorten. Anten sør legg ein singel knekt i fyrste stikk eller vest sjølv har knekten, vil dette uvanlege påspelet vera ein vekkjar for vest, og nærast tvinge han til å skifte spar.
 
Lag Austberg tapte det interne oppgjeret mot lag Høyland klårt, med tala 103–56 i IMP, 17,54–2,48 i VP. Likevel tok Austberg sylvmedalje til slutt, mellom gullmedaljørane på Bergen akademiske Bakke og bronsemedaljørane på Kristiansand BK J. A. Olsen. Lag Høyland måtte ta til takke med den sure fjerdeplassen. 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger