AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Når lynet slår ned
Ein av mine kjepphestar ved bridgebordet er at når det finst grunn til å Lightner-doble, bør du gjera det. Denne vekas spel, som skriv seg frå NM Monrad lag på Lillehammer, er – som dei fleste spel med ei Lightner-dobling involvert – noko kuriøs. Men eg meiner at det provar poenget. Her er korta, og meldingsforlaupa på båe bord:

 
E 8
6 3
E D kn 9 5
E K 9 4
 
10 9 6
K 9 4
K 10 8
kn 10 8 2
kn 7 5 4 3 2
10 7
7 6 4 3 2
-
 
K D
E D kn 8 5 2
-
D 7 6 5 3
 

 
                   Vest                    Nord                    Aust                      Sør
                                               Frydenberg                                       Eide
                                               1 ru                       pass                     1 hj
                   pass                    2 gr                       pass                     3 hj
                   pass                    3 gr                       pass                     4 kl
                   pass                    4 ru                       pass                     4 sp
                   pass                    4 gr                       pass                     6 hj
                   pass                    pass                     pass
 
                   Vest                     Nord                    Aust                      Sør
                   Marstrander                                     Ellingsen               
                                                1 ru                       pass                     1 hj
                   pass                     2 gr                      pass                     3 hj
                   pass                     3 gr                      pass                     4 kl
                   pass                     4 ru                      pass                     4 gr
                   pass                     5 ru                      pass                     6 hj
                   pass                     pass                    dbl                        pass        
                   pass                     pass
 
Som vi ser er meldingsforlaupa langt på veg identiske. Eg har ei kjensle av at båe sørspelarane må ha vore usikre på kor mykje kløverstøtte dei eigentleg kunne forvente hjå makker, og dimed landa dei båe i 6 hjarter. 6 kløver er ein betre kontrakt i lagkamp, men det er ei anna sak.
 
Så vart altså den store skilnaden at aust på det eine bordet ikkje dobla, medan Kristian Barstad Ellingsen på det andre bordet dobla. Dette er altså ei såkalla Lightner-dobling, ei dobling som bed om eit uvanleg utspel, ofte bordets fyrst melde farge.
 
La oss sjå korleis det gjekk på bordet der aust ikkje dobla: Vest byrja med spar ti, Lars Eide bad om esset frå bordet, og spela straks ein hjarter til kutt. Kanskje burde vest ha funne det beitande kløverskiftet no, men det gjorde han ikkje: I staden skifte han, noko merkeleg, til ruter. Eide kunne be om dama frå bordet, og fekk to avkast som gjorde at han ikkje eingong trong å løyse kløveren. Men det hadde han nok gjort likevel, for ein spelar av hans kaliber veit sjølvsagt at det teoretiske riktige er å leggje ned dama fyrst for å fange opp ein eventuell firekorts i vest, sidan ein likevel ikkje kan fange opp firekorts i aust. 980 på blokka.
 
Peter Marstrander bomma utspelet, han prøvde ein ruter. Om sør no tek seg tid til å tenkje gjennom kva ein god spelar som Ellingsen eigentleg kan ha dobla på, trur eg ikkje det er ein dum idé å spela hjarter til esset, for å sikre seg mot den aktuelle sitsen. Det kan bli feil om aust byrja med fire eller fem hjarter, men då meiner eg det er mindre sannsynleg at han ville ha dobla (og plasserer du aust med fem hjarter, skal det noko til å vinne kontrakten uansett). I praksis spela sør omgåande hjarter til dama, og no var ikkje Marstrander sein om å vinne med kongen og gje Ellingsen den «opplagde» kløverstelinga. 100 aust–vest.
 
Mange vil meine at doblinga i aust er for risikabel. For om han no får ei steling i utspelet, sit han jo likevel ikkje på beita? Nei, men når motparten stoggar i vesleslem og ein sjølv ikkje har eit handfast stikk, er det ein veldig god sjanse for at makker til dømes har ein essverdi, som saman med ei steling vil kunne utgjera beita.
 
Kva med 6 grand, kan ein spørja, kunne ikkje motparten her ha teke ut i 6 grand? Jo, absolutt, men det er det slett ikkje alltid dei kan, og som vi ser, hender det at dei ikkje gjer det sjølv om det peikar seg ut som eit godt alternativ.
 
Eit tredje og siste motargument: Makker vil jo innimellom finne utspelet eller skiftet sjølv om vi ikkje doblar, vil han ikkje? Vel, det kan/bør han sikkert ofte, men det er nokså sjofelt å ikkje gidde å doble, og etterpå sjikanere makker for at han ikkje fann det beitande motspelet. Bridge handlar om samarbeid, og kva viktigare er: I lengda tener ein på å ta affære, aksjonere, gjera veg i vellinga – ikkje på å passe.

Av Erlend Skjetne