AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
I saksa
Vi skal unne oss eit siste spel frå finalen i lagtevlinga Vanderbilt i Louisville, Kentucky, mellom laga Bathurst og Nickell. Steve Weinstein–Robert Levin er eit par i den absolutte verdsklassen, og utgjer grunnfjellet i det særs meritterte lag Nickell. Vekas spel var langt frå den vanskelegaste oppgåva Robert «Bobby» Levin har løyst ved bridgebordet, men eit kanonresultat vart det i alle fall.   

 
E D kn 5
7 6 5 2
-
E 9 7 6 4
 
K 10 7 4
K 10 9 3
6 5
kn 8 2
9 8 3
E 8
K D 10 2
K D 10 5
 
6 2
D kn 4
E kn 9 8 7 4 3
3
 
 
VestNordØstSyd
BathurstWeinsteinHurdLevin
1 kl1 gr3 ru
dblpasspasspass


Kevin Bathurst dobla negativt over 3 ruter, og for John Hurd – som hadde meldt inn ein noko lett 1 grand – verka det naturleg nok å gjera om doblinga til straff.
 
Med hjarter ut tek forsvaret tre raske stikk, og aust må få to trumfstikk til på konge, dame, ti. Vest hadde betre hjarter enn spar, så eg veit ikkje heilt kvifor han valde å byrja med spar, men slik vart det.
 
Levin bad om dama i bordet, og spela i rask rekkjefylgje kløver ess, kløver til steling, spar til ny kutt, spar ess med hjarteravkast og ein ny kløver til steling.
 
Meldingane har gjort det openbert at ruteren neppe sitt 3–3, så å prøve å ta ut trumfen her, er nok ikkje vinnande. Levin fridde seg i staden med hjarter dame.
 
Bathurst vann med kongen og spela hjarter til esset hjå Hurd, som naturleg nok prøvde seg med den siste kløveren, i von om at ein eller annan trumf kanskje kunne vekse opp hjå makker. Men då Levin stal med niaren og denne stod, var situasjonen temmeleg teikna:

 
5
7 6
-
9
 
-
10 9
6 5
-
-
-
K D 10 2
-
 
-
-
E kn 8 7
-
 

 
Levin fridde seg med liten ruter, og det var umogleg for aust å få meir enn to trumfstikk i tillegg til dei to hjarterstikka forsvaret hadde teke.
 
670 på bok gav 11 IMP til lag Nickell på veg mot siger i tevlinga, då resultatet på det andre bordet vart 2 ruter udobla med åtte stikk. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger