AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Iskald topp
Berkåk bridgeklubbs påskecup, dei seinaste åra spela i vakre Soknedal litt sør for det legendariske trafikknutepunktet Støren, er ei tradisjonsrik tevling. I år deltok 34 par. Vinnarane vart Lars Arthur Johansen–Tove Stoen, framfor Per Haltbrekken–Arnfinn Helgemo og Lars Frøland–Jan Emil Græsli.
 
Det var mange dramatiske fordelingar i Soknedal denne vakre onsdagskvelden i påskeveka. Vi skal sjå eit døme, eit spel der vinnarparet noterte ein einsam topp.   

 
kn 9 6
5
E 9 2
8 6 5 4 3 2
 
7 4
10 7 4
10 8 7 4
E D 9 7
2
K D 9 3
K D kn 6 5 3
K 10
 
E K D 10 8 5 3
E kn 8 6 2
-
kn
 
 
VestNordØstSyd
JohansenStoen
passpass1 rudbl
3 rupasspass4 sp
pass5 rupass6 sp
dblpasspasspass


Korleis sør bør melde den spesielle handa si, kan diskuterast. Men tilnærminga ho aktuelt valde, inspirerte Johansen til ein hard, men rimeleg sleminvitt. Han har trass alt eit ess, ein singelton og tre trumf til en makker som melder 4 spar med risiko for å møte ein blank blindemann.
 
Eigentleg var ikkje ruterkontroll det Stoen drøymde om, men ho tenkte vel at det måtte være von om slem likevel med såpass spreke kort mot nokre godsaker hjå makker.
 
Vest uttrykte altså mistillit med ei dobling, og han fylgde opp godt med å spela kløver ess ut. Men så svikta han ved å halde fram i kløver. No fekk Stoen utnytta all trumfen i bordet til å setja opp hjarteren på handa, og kunne notere den deilige scoren 1210 for dobla heimgang.
 
Vest må skifte trumf i andre stikk for å beite. Sør sin beste sjanse då er å satse på kløveren 3–3, men aktuelt er prosjektet sjanselaust.
 
Resultata elles i salen var ei lang rekkje 510 i 4 og 5 spar, for med det normale utspelet av ein ruter, forsvinn både sør sin kløver og forsvaret sin sjanse til å spela trumf. To par fekk berre tak i 480, men det var vel å merke også med ruterutspel, så her må kortføringa ha vore veik.
 
Eitt par stampa i 5 ruter over 4 spar, og fekk spela der dobla. Å stampe i ugunstig sone er skumle saker, men her vart det gull då motspelarane feila og berre fekk henta éi beit. To beit, 500, hadde vel å merke òg vore eit bra resultat for aust–vest mot dei mange 510. Tre beit får forsvaret berre om sør er synsk og byrjar med hjarter ess og hjarter til steling. Så må nord returnere spar for å få ei andre hjartersteling. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger