AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Kråkkløver
Amerikanske Roy Welland og tyske Sabine Auken har dei seinaste åra vore eit sterkt par som ligg og vakar høgt oppe i dei fleste tevlingar dei spelar. På grunn av ymse episodar er dei rett nok litt kontroversielle, og kanskje ikkje like høgt elska av alle.
 
At vi skal trekkje fram eit elendig spel frå deira side, prestert under Marit Sveaas International Bridge Tournament i Bodø nyleg, har rett nok ingenting med desse kontroversane å gjera, berre med det faktum at det av og til er morosamt å sjå kor spektakulært også store stjerner kan svikte. Særleg gjævt var det sjølvsagt at dei tapte poenga hamna i lomma på norske Jan Petter Svendsen–Fred Arne Moen, som enda på ein sylkvass 2. plass i tevlinga, berre slått av Svein-Gunnar Karlberg–Kurt-Ove Thomassen.   

 
E D kn 10 5
K 7
4 2
10 7 6 4
 
9 8 3
E 9 4 2
9
K D kn 9 5
K 4 2
D kn 10 8 3
D 10 8 5
3
 
7 6
6 5
E K kn 7 6 3
E 8 2
 
 
VestNordØstSyd
MoenAukenSvendsenWelland
1 sppass1 gr
pass2 rupass2 hj
pass2 grpass3 kl
dblpasspasspass


I tradisjonell trøndersk dialekt finst omgrepet «kråkkløver». Opphavet er noko uklårt, det kan ha å gjera med «naturlege» kløveropningar som kan vera på singelton, men i hovudsak har det vorte nytta nedsetjande om ulike variantar av presisjonskløver, etter at kinesaren C. C. Wei prakka denne esoteriske oppfinninga på ein inkjeanande budaling ein gong på 30-talet, og epidemien tok til å spreie seg i fleire avsidesliggjande dalføre. I klassisk kråkkløver er ingen meldingar naturlege og ingen skjønar noko av kva som går føre seg, før speleførar må ut og drible i slem på 3–2-tilpass.      
 
Eg kan ikkje systemet til Welland–Auken, men ut frå spelet over skulle ein tru at også dei sver til ein eller annan variant av kråkkløver. Den litt tynne sparopninga har eg ingenting imot, men at nord må melde 2 ruter på dobbelton over 1 grand som openbert var krav, verkar noko underleg. Kva 2 hjarter, 2 grand og 3 kløver tyder, anar eg ikkje, men Fred Arne Moen trudde venteleg at han dobla utspelsdirigerande på 3 kløver. Så gjekk det pass rundt.
 
På grunn av rutersitsen var det ikkje uvanleg å gå beit på desse korta, men ingen andre gjekk to dobla beiter, som det vart i 3 kløver. Rein topp til Noreg – og dette i den nest siste runden i heile tevlinga. Welland–Auken kom til slutt på 5. plass, men kunne fort ha klatra fleire plassar ved å unngå denne merkverdige fadesen. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger