|  A,K,Q,8  9,7,5,2  A,J,6  4,3 | |
 J,10,7,4,2  K,6,4  9,5,3,2  9 |  |  6,3  Q,3  K,10,7,4  J,8,6,5,2 |
|  9,5  A,J,10,8  Q,8  A,K,Q,10,7 | |
I siste runde på 1. mai turneringa låg vi på tredjeplass og møtte toarane som låg tett føre oss. Etter to miserable førstespel var premieplassen i fare for å seie det mildt. Ialle fall med beit i 6NT. Utspelet var kløver 2. Det var anten invitt eller fordeling. Altså ikkje mykje info å hente der. Etter litt rask hovudrekning ser ein at det ikkje er råd å få heim kontrakten utan 4kløverstikk. Opp på kløver ess og kløver 9 frå vest, spar til A, hjerterkappen. Ny spar frå V opp på kongen. Ny hjerter og med dama rett plassert, to nye hjerter. Nå kasta Ø to ruter og V ein spar. Ruter Q frå bordet og liten. Sidan eg framleis er avhengig av å løyse kløveren går eg opp på ruterA. På spardame kjem liten kløver frå Ø. Vekk med ruteren i bordet og ny ruter til kløver 6. Så spørst det. Har aust spelt ut frå Jxxxx eller xxxx. Spelar du på Jxxxxx spelar du også på at Ø var skvist då han kasta kløver. Eg valde å spele på det og det var rett. Arve Hjelm spelte same spelet på same måte.