AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
 
Dagens spill fra VM (dag 11 - semifinale dag 1)
Fyrste dag av semifinalen mot Nederland vart diverre eit kraftig antiklimaks for det norske laget i open klasse. Etter å ha spela glitrande og hatt god glid så langt i tevlinga, vart det ein av dei dagane der alle avgjerder ikkje naudsynlegvis er feil, men iallfall blir feil. Her er eit symptomatisk spel, det siste i det andre settet. 
 
 
K 10 8 4
K D 8
10 9 5 2
kn 3
 
kn 6
E kn 6 5
kn 7 4
E 7 5 2
9 7 5 2
9 7
K D 8 6
10 9 4
 
E D 3
10 4 3 2
E 3
K D 8 6
 
 
VestNordØstSyd
LindqvistVan ProoijenBrogelandVerhees
1 gr1)
pass2 klpass2 hj
pass2 grpass3 gr
passpasspass
1) 14-16
 
Etter eit enkelt meldingsforlaup byrja Espen Lindqvist med ei norsk kløver fem. Louk jr. Verhees bad om ein liten frå bordet. Boye Brogeland fylgde no med firaren, venteleg for å syne fram for makker det antalet kløver han hadde – eller kanskje òg som forsøk på ein lavinthal? Kløveren sit uansett slik at speleførar har tri stikk der, men aktuelt gjorde det fyrste stikket at speleførar aldri kunne finne på å trø feil i den vidare føringa.
 
Etter å ha vunne fyrste stikk med kløver seks, spela Verhees ein hjarter. Då Espen la lågt, kunne ikkje kontrakten lenger beitast. Etter hjarter konge vende Verhees merksemda attende til kløveren. Knekten stod, men deretter gjekk det spar til esset og kløver konge, og speleførar hadde fire sparstikk, eitt hjarterstikk, eitt ruterstikk og tri kløverstikk, for ni totalt.
 
Skal kontrakten beitast etter kløverutspel, må Espen opp på hjarter ess og skifte ruter. Det er eit svært vanskeleg motspel å finne, men på ein av dei gode dagane – som Espen Lindqvist utvilsamt har flest av ved bridgebordet – kunne han kanskje ha greidd prøva? Speleførar byrja tilsynelatande med fire hjarter og fire kløver, så han har anten 3–2 eller 2–3, og minst 10 honnørpoeng, i dei spisse fargane. Moglegheitene for å odle noko særleg med stikk i spar ser ut til å vera småe for forsvaret, så det er kanskje ruteren som kan gje ei von?
 
Ved det andre bordet valde Nils Kåre Kvangraven å passe då Ulf Håkon Tundal opna 1 grand, som òg synte 14–16. Det var kan hende litt tamt, og sjølv om ein alltids kan argumentere med at 3 grand teknisk sett er beit, er det sjeldan ei veldig god kjensle å koma med 180 på blokka i ein lagkamp.
 
Vel, la oss ikkje dvele meir ved slike triste ting. I skrivande stund, onsdag kveld, vonar vi framleis på eit mirakel frå det norske laget i open klasse. Slikt har skjedd før, og ikkje berre i bibelsk tid!

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger