AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Innertiar
Det har vorte ein del fokus på franskmennene Cédric Lorenzini og Thomas Bessis i denne spalta i det siste, men så har dei då også gjort det knivskarpt i ein periode. Nyleg vann dei endå ei stor tevling, prestisjetunge Spingold under dei amerikanske Summer Nationals i Chicago.

Men i denne vekas spel er det ein av lagkameratane deira på lag Fleisher, nemleg den ikkje ukjende Alfredo Versace, som har hovudrolla – og det i semifinalen mot sjølvaste lag Zimmermann.
  

 
kn 9 8
K kn 3
E K kn 7
5 3 2
 
 
K D 5
E D 4 2
10 6 5 4
kn 6
 
 
VestNordØstSyd
KlukowskiSementaGawrysVersace
1 klpass1 gr
pass2 klpass2 ru
pass2 grpass3 hj
pass3 grpasspass
pass


Eg skal ikkje prøve meg på å forklåre dei noko aparte meldingane, men dei førte til ein sedvanleg elendig utgang som ein definitivt ikkje bør vere i, men som dei fleste nok hadde hamna i.
 
Heldigvis for deg som speleførar byrjar ikkje vest med kløver, men med spar to, fjerde høgste. Denne går til tiaren og kongen din. Kva no?
 
Det er ikkje astrofysikk, dette spelet: Du har fått eitt stikk, har fire hjarterstikk og treng fire ruterstikk. Kva er beste sjanse for å få tak i desse fire ruterstikka?
 
Det er ingen spesiell grunn til ikkje å spela ruteren på ordinært vis, det vil seia ta finessen. Med alle jamne rutersitsar er det altså irrelevant kva du gjer. Kva med 4–1-sitsane? Har aust dama fjerde i ruter, er du daud. Har aust fire småe ruter, får du enkelt fire stikk ved å spela liten ruter mot bordet.
 
Skulle vest ha fire ruter, er det litt meir interessant. Dame, ni, åtte fjerde i vest kan du gløyme, for du kan ikkje godt spela ruter til sjuaren fyrste gongen, eller dra tiaren fyrste gong og så djupkutte etterpå. Men om aust har dama, niaren eller åttaren singel, kan du vel få fiksa ruteren? Du kan spela ein liten til esset først, for å sjekke om ruterdama sit singel, og så kan du …
 
Nja, du har litt dårlege kommunikasjonar. Det er berre i hjarter du kan koma deg tilbake til handa, og du vil helst ikkje stikke over ein av honnørane i bordet når du ikkje veit om fargen sit 3–3 eller ikkje, så du har i praksis berre eitt inntak i sør. Ruter dama singel i aust har du slik sett ikkje råd til å ta høgd for, men du kan ta høgd for niaren eller åttaren singel.   
 
Heile spelet: 
 
 
kn 9 8
K kn 3
E K kn 7
5 3 2
 
E 6 4 2
10
D 8 3 2
E 10 9 4
10 7 3
9 8 7 6 5
9
K D 8 7
 
K D 5
E D 4 2
10 6 5 4
kn 6
 

 
Versace tenkte seg om ei god stund, men trefte blinken då han drog ruter ti. Vest måtte nesten dekkje, og esset felte niaren. Så kom også ruter konge, som avslørte sitsen, før før fire hjarterstikk og ruter til sjuaren gav 600 på bok.
 
Ruter ti i andre stikk er det einaste kortet som gjev kontrakten, for blir det spela ruter til knekten eller esset fyrst, får ikkje sør etterpå fiska opp både dama og åttaren.
 
Det skal seiast at Versaces variant blir feil med dama singel både framom og bak, men altså riktig med niaren eller åttaren singel bak. Eit meir matematisk hovud kan kanskje fortelja om han gjorde det teoretisk riktige eller ikkje, men eg vel å tru det.
 
På det andre bordet var meldingsforlaupet kortare til same kontrakt, og Marty Fleisher plukka fram det noko spesielle utspelet av singel hjarter ti. Det fungerte aktuelt mykje betre enn spar, for no hadde speleførar berre åtte stikk, og idet Sjoert Brink prøvde seg med spar til kongen, var Fleisher på høgda og skifte kløver. Ei beit og utgangssving til lag Fleisher, som skulle koma til å slå lag Zimmermann forbløffande suverent, for så å vinne finalen mot det svenske laget Bremark.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger