AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
X-faktoren
Noko av det som gjer bridge til eit så morosamt spel, er at den reine logikken alltid kan risikere å koma til kort mot det obskure fenomenet vi kan kalle teft. Vekas spill er kanskje eit døme på dette. Men nærare undersøking syner at det som regel ligg noko under, eit lite halmstrå av ein observasjon eller ei opplysning ein ekspert kan klamre seg til på vegen mot det vinnande valet.
 
Franske Thomas Bessis med makker Cédric Lorenzini vann nyleg ope EM lag under lagnamnet Vinciguerra. Bessis er hovudperson også i vekas spel, men dette tilfellet skriv seg frå lagturneringa Soloway Cup under det amerikanske Fall Nationals i Phoenix, Arizona i fjor haust.  

 
K 8
E D 8 7
K D 9 7
E K kn
 
10 9 6 4 2
K kn 10
10
8 6 4 3
E 5 3
9 5 2
8 5
D 10 7 4 2
 
D kn 7
6 4 3
E kn 6 4 3 2
9
 


Vest            Nord                    Aust                     Sør
Birman        Lorenzini             Padon                  Bessis
                                                                            pass
pass            2 kl                       pass                    2 ru
pass            2 gr                      pass                    4 kl1)
pass            4 hj                      pass                    4 sp
pass            4 gr                      pass                    5 kl
pass            6 ru                      pass                    pass
pass
 
1) Sleminvitt med ruter
 
Vest            Nord                    Aust                      Sør
Fleisher       Tulin                    Martel                   Bakhshi
                                                                             2 ru
pass            4 kl1)                   pass                      4 hj2)
pass            6 ru                      pass                      pass
pass
 
1) Spørsmål om ess
2) Eitt ess
                                              
Slik gjekk meldingsforlaupet på dei to borda i oppgjeret mellom laga Fleisher og Tulin. Eg er litt usikker på den eksakte definisjonen av alle meldingane på fyrstnemnde bord, men det er ikkje av avgjerande tyding her.
 
Kontrakten vart altså den same, med same speleførar, og både David Bakhshi og Thomas Bessis fekk hjarter knekt ut. Kva tenkjer du om denne slemmen?
 
Det er eigentleg eit enkelt spel. Spartaparen forsvinn ingen stader. Går finessen i hjarter, treng ein ikkje finessen i kløver. Går finessen i kløver, treng ein ikkje finessen i hjarter. Så kva finesse skal ein velja? Utspelet har umogleggjort alle vidare undersøkingar, ein må bestemme seg sporenstreks.
 
Eg tippar at dei fleste, som den engelske landslagsspelaren David Bakhshi, vil tenkje at utspelaren er meir tilbøyeleg til å spela hjarter knekt ut frå knekt, ti på topp, enn frå litt meir «risikable» konge, knekt, ti. Altså er det best å stikke med esset og heller prøve kløverkappen.
 
Denne gongen vart dette diverre feil, med to beit som resultat.
 
Thomas Bessis tok derimot finessen i hjarter og vann slemmen, for 14 IMP inn. Lag Fleisher vann også halvrunden og kampen suverent. Korleis greidde så Bessis å gisse rett her?
 
Vel, eg tippar at han tenkte på det som temmeleg 50–50. Men i meldingsforlaupet hadde nord meldt ein kunstig 4 hjarter, som aust ikkje utspelsdobla sjølv om han kunne forvente at nord–sør kanskje ville ende i ruterslem med vest som utspelar. Vidare trur eg han tenkte at utspel frå konge, knekt, ti gjennom ein krutsterk blindemann slett ikkje er å forakte – men akkurat dette kunne jo også Bakhshi tenkje.
 
Ikkje veit eg, men lagnadene til dei to sørspelarane vart iallfall svært forskjellige.

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger