AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Dyrebart inntak
Når du hamnar i feil kontrakt, er det vesentleg å ikkje gje opp. Kanskje kan du berge nokre poengs likevel?

 
D 10
K D 7 4 3
K kn 3
E 4 2
 
 
K 8 6 5 2
E 8 5
6 2
9 8 5
 
 
VestNordØstSyd
passpass
1 grdbl2 kl1)2 sp
passpasspass
1) Naturleg flukt


Også denne vekas spel skriv seg frå fjorårsutgåva av den hyggelege Proffen-cupen i Trondheim, ei årviss førjulstevling til minne om altfor tidleg avlidne Rune «Proffen» Brattgjerd, ein dyktig spelar i Heimdal BK. I ein god del år no har tevlinga vorte spela i singelformatet, og fokuset er alltid på det sosiale. Vinnar i fjor vart Jørn Haavik frå Frøya, etterfylgd av Arve Olav Nordskag og Kjell-Ove Helmersen som båe bur i Trondheim. Skal tru kven som vinn i år?
 
Meldingsforlaupet over var langt frå det beste. Eg er ikkje særleg samd i å doble 1 grand med 15 såpass tynne honnørpoeng og ei hand som ikkje naudsynlegvis vil generere særleg mange motspelsstikk, og sørs 2 spar kan sikkert òg diskuterast, i og med at meldinga straks lèt motparten koma av «kroken». Men ein prøver jo gjerne å gjera det enkelt i singeltevling.

Korleis ville du ha spela denne kontrakten med kløver konge ut? Du ser jo at dette ikkje vart bra, du skulle heller ha spela 2 hjarter. Men sparkontrakt kan ha ein liten fordel, nemleg den at hjarteren kanskje kan utnyttast som ein sidefarge når ein spelar i spar, medan sparen neppe kan brukast til stort i hjarterkontrakt.
 
Sør, ein garva speleførar, dukka kløver konge og stakk framhaldet, som var kløver dame. Så spela han hjarter til esset og drog spar til niaren og tiaren. Hurra, denne stod! Spar dame stakk vest med esset, men uheldigvis kunne han no setja bordet inn med ein hjarter, og kva i alle dagar skulle speleførar no spela frå bordet? Han prøvde ein tredje høg hjarter, men aust stal, tok kløver knekt og spela kløver til trumfhøging på spar knekt i vest. Dimed vart det ei beit, i eit spel som frå start såg slik ut:

 
D 10
K D 7 4 3
K kn 3
E 4 2
 
E kn 9
kn 6 2
E D 10 8 7
K D
7 4 3
10 9
9 5 4
kn 10 7 6 3
 
K 8 6 5 2
E 8 5
6 2
9 8 5
 

 
Beita gav aust–vest nesten heile kassa. Men faktum er at det står like mange stikk i spar som i hjarter!

Etter kløver ess bør sør rett og slett be om spar dame. At ein mister nokre trumfstikk, får ein leva med her, det må vera betre enn å drepe det einaste inntaket ein har på handa. Vest sitt beste trekk er nok no å lasjere, men så kjem ny spar, vunnen i vest.

Sei at vest spelar hjarter attende, som verkar naturleg. No kan sør vinne på handa og spela ny spar – at denne sit 3–3, er ikkje usannsynleg etter at vest bidrog med niaren fyrste gong og så vann med knekten. Vest kjem inn på nytt, og har ikkje noko forsvar: To trumfstikk, ruter ess og eitt kløverstikk blir alt aust–vest får.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger