AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Finurleg
Mange har fått med seg at det er lurt å melde hardt. Men det mange gløymer å tenkje på, er at ein føresetnad for å tene på ein slik strategi, er at ein òg spelar godt. Vekas spel er eit glimrande døme frå Gauldalsserien i Sør-Trøndelag. 

 
D 6 3 2
D 10
kn 9 4 3
K kn 9
 
K kn 9 5
kn 4
10 8 7 6
10 5 3
10 4
E 9 6 3 2
E 2
E 6 4 2
 
E 8 7
K 8 7 5
K D 5
D 8 7
 
 
VestNordØstSyd
passpass1 hj1 gr
pass2 klpass2 ru
pass3 grpasspass
pass


Å melde inn 1 grand er etter min smak i overkant på desse nokså stusslege korta. Men den ballharde utgangen det førte til, er faktisk – i teorien – utapeleg med mindre vest finn eit synsk kløverutspel.
 
I praksis byrja vest naturleg nok med hjarter knekt, dekt av dama. Om aust no lasjerer, eller stikk med esset for å halde fram i fargen, har sør ein nokså grei veg til to sparstikk, to hjarterstikk, tre ruterstikk og to kløverstikk. Men aust innsåg at hjarteren ikkje var nokon rask hest å satse på, for sjølv om vest sin sidehjarter skulle vera åttaren, har sør tre hjarterhald. Det verka som ein mykje betre sjanse å stikke med hjarter ess og skifte kløver, som aktuelt gjekk til tiaren og knekten.
 
Sør spela no ein ruter til kongen, og det var forståeleg nok at ho heldt fram med hjarter til tiaren og ny ruter. Aust stakk med esset, og no kom sørs kardinalfeil, då ho la liten ruter. Aust heldt fram med kløver, og sidan sør no mangla eit raskt inntak til det fjerde ruterstikket, måtte kontrakten gå ei beit.
 
Sjølv om ruteren skulle sitja 3–3 – det får ein finne ut av når ein må – bør sør avblokkere ruter dame under esset for å halde kommunikasjonen open. Idet aust no spelar ny kløver, bør sør òg hoppe opp på dama, fordi det må vera best å koma inn på handa på dette tidspunktet.
 
Så er det tid for å resonnere litt: Det er iallfall ingen tvil om at aust sitt motspel tyder på ein firekorts (eller jamvel femkorts) kløverfarge ved sidan av fem hjarter. At vest har fire ruter er altså med oddsen. Skulle aust ha byrja med ess, ti tredje i ruter, er det heller ikkje opplagt at han ville ha stukke den andre ruteren – det ser iallfall frykteleg dumt ut om vest byrja med dama dobbel.
 
Dersom sør i denne posisjonen greier å spela ruter til niaren, byrjar aust å få det sveitt. I denne runden kan han kaste en hjarter, men så? Situasjonen er som fylgjer: 

 
D 6 3 2
-
kn
K
 
K kn 9 5
-
10
3
10 4
9 6
-
E 6
 
E 8 7
K 8
-
D
 

 
Spar verkar som aust sitt naturlege avkast på ruter knekt, og sør kaster òg ein spar. No har sør eit rimeleg klårt bilete av sitsen, og bør greie å spela spar til esset og fri seg med ein kløver, som tvingar aust til å avslutte frå niaren dobbel opp i konge, åtte i hjarter.
 
Skulle aust i staden kaste kløver på ruter knekt, spelar sør ganske enkelt spar til esset og spar. Legg vest liten, legg sør dama i bordet, og om aust byrja med kongen dobbel, er han igjen sluttspela. Men sannsynlegvis stikk vest framfor bordet. Kløver frå han sluttspelar aust som skissert over, og med spar tilbake vinn dama, før kløver konge tvinger aust til å stikke og gje sør kontraktstikket i hjarter.
 
Eit i sanning finurleg spel! Som naturlegvis ikkje gjekk på det optimale viset på eit einaste bord i salen.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger