AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Ei for vanskeleg oppgåve
Vi skal igjen til den sterke lagtevlinga Soloway Knockout Teams under dei amerikanske Fall Nationals i Atlanta, til sekstendelsfinalen mellom dei to topplaga Nickell og Fleisher. Hadde du greidd denne vekas prøve? 

 
E K kn 8
7
E D 6
K 8 6 5 3
 
 
7 6 5 4 3 2
2
5 4 2
E kn 2
 
 
VestNordØstSyd
VersaceGrecoSementaHampson
pass
2 hjdbl4 hj4 sp
passpasspass


2 hjarter var vanleg veike 2, og vest byrjar med hjarter ess, som aust fylgjer med knekten på. Ruter ti kjem i skift. Korleis planlegg du spelet?
 
La oss seia at sparen sit beint, slik at den fargen ikkje byd på nokon vanske. Du risikerer likevel, om alt går gale, å miste tre minorstikk og gå beit. Samstundes kan du vera heilt sikker på at det finst ein veg heim i denne kontrakten, same om aust har ruter konge og korleis kløveren sit. Om aust har kløver dame tredje, er det ikkje noko problem for deg å «bomme» og ikkje ta finessen, fordi du kan spela aust inn på denne kløverdama slik at han må spela til dobbeltrenons eller unna ruter konge – gjeve at du framleis har ruter dame gardert i bordet, så klart. Men problemet ditt er at du ikkje veit kven som har kløver dame – om vest kjem inn på ho, kan han potensielt spela ruter igjennom dama og beite deg raskt. Då kunne du i staden, etter to høge kløver, ha spela aust inn i ruter – han ville ikkje hatt anna enn meir ruter eller hjarter å spela til dobbeltrenons.
 
Geoff Hamspon for lag Nickell stakk med ruter ess i andre stikk, noko som verkar naturleg. Så la han ned spar ess – aust fylgde med dama – og spar konge, som aust saka ein hjarter på.
 
Det som hadde vore veldig kjærkome, var om ein no hadde eit raskt inntak på handa slik at ein kunne lure ein kløver rundt til åttaren – vest kan jo fort «gløyme» å gå imellom frå noko à la dame, ni, tredje. Men sparen er blokkert, så du må spela frå bordet. Hampson gjorde det som verkar naturleg, nemleg å dra kløver til esset og kløver. Han måtte nesten stikke med kongen då vest la tiaren i andre runde. Inga dame kom til syne, diverre. Så drog han også ein tredje kløver, men då vart det beit:

 
E K kn 8
7
E D 6
K 8 6 5 3
 
10 9
E K 8 5 4 3
10 9
D 10 4
D
D kn 10 9 6
K kn 8 7 3
9 7
 
7 6 5 4 3 2
2
5 4 2
E kn 2
 

 
Som du vel ser, kan kontrakten vinnast både ved å sluttspela aust i ruter, og ved å dukke (eller leggje dama) på den fyrste ruterrunden.
 
På det andre bordet kom utgangen i nord etter at sør opna i multi, og då Nick Nickell spela kløver ni ut, var det ikkje lenger mogleg å gå beit. Lag Fleisher fekk seg altså ein utgangssving, og skulle koma til å vinne kampen 117–86. Dei gjekk heilt til semifinalen, men tapte der mot lag Street, som i sin tur tapte finalen mot lag Zimmermann.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger