AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Tung veg til topps
No er det snart jul, og med førjulstida fylgjer ei ny utgåve av den tradisjonstunge Proffen-cupen i Trondheim, ei erkesosial singeltevling med – på papiret – høgt nivå. Vi skal sjå på eit meldeteknisk kasus som dukka opp under denne tevlinga i fjor. Hadde du og din favorittmakker nådd målet her?

 
-
E kn 3
E D kn 10 9 3
E kn 7 4
 
D 3
10 8
7 5
D kn 9 6 5 3 2
kn 9 8 6 4 2
9 7 4
6 2
K 8
 
E K 10 7 5
K D 6 5 2
K 8 4
-
 


Som vi ser er korta tette. I dei fleste tevlingar vil ein nok få ein grei score på å melde 7 ruter. 7 hjarter kan gå beit med svært skeiv hjartersits, men er jo likevel bra. Aller best er likevel storemompen i grand, med nøyaktig tretten ess (fjorten om hjarteren oppfører seg folkeleg). Er det mogleg å koma dit med enkle, naturleg middel – til dømes i ei singeltevling?

Nord opnar 1 ruter, sør svarar 1 spar. Nord bør no, i høve til normale prinsipp, melde 2 kløver. Vanleg praksis er at ein med ei veik 6-4-hand gjenmelder sekskortsfargen sin, medan ein med ei sterkare hand melder firekortsfargen, for så å kunne syne fram litt styrke ved etterpå å gjenmelde sekskortsfargen.

Over 2 kløver kan det vera ei god avtale at 3 hjarter frå sør syner 5–5 og gode kort; då er i alle fall 7 hjarter klårt innanfor rekkjevidde. Men det er ei litt skummel melding med så god ruterstøtte jamsides, for det luktar jo slem i ruter her, om ein berre kan få kontroll.

Sei at sør melder fjerde farge krav, 2 hjarter, over 2 kløver. Nord seier 3 ruter, som altså syner ei god hand med 6–4. Tør du som sør å melde 5 kløver som Exclusion Blackwood no? Kanskje er det det det bør vera, men ein må vurdere risikoen for at makker misforstår – han har trass alt meldt kløver.

Når du no fyrst melde 2 hjarter, vil tydinga av 3 hjarter vera noko uklår, så slik sett verkar 4 ruter, iallfall i singeltevling, som den sikraste meldinga for å få fastslått trumfen. Om det blir valet, kontrollmelder nord kanskje 4 hjarter, og så spørst det om sør har noko særleg mykje betre å melde enn Blackwood.

Det er ikkje ideelt, men ein har jo eigentleg bestemt seg for slem, og får ein bonus når makker no syner fram tre ess med 5 kløver. 5 hjarter spør vidare etter trumf dame, og nord viser med 5 grand at han har den, men ikkje noko spesielt anna ekstra.

Det er diverre ikkje heilt nok. Sør kan trygt melde storeslem, men i 7 grand kan det framleis mangle eit stikk. Skal ein koma dit, er det kanskje nesten ein føresetnad at nord–sør (eller iallfall éin av partane) greier å avdekkje at hjartertilpassen er så god at ein sannsynlegvis har fem hjarterstikk, ikkje berre tre.

Korleis dette bør løysast, veit ikkje eg. Ynsket mitt var berre å kaste ut ein liten brannfakkel, og så vonar eg at spelet kan skapa heftig debatt mellom deg og makkeren din. I Proffen-cupen fekk Arve Olav Nordskag, som vart nummer to totalt, rein topp saman med makker Svein Skagestad på melde og vinne 7 hjarter.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger