AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Regent for fall
I førre vekes spel såg vi Vanderbilt-vinnar Nick Nickell toppe ut singel trumfkonge og vinne ein vrien utgang. I denne vekas spel er det lagkameraten Eric Greco som gjer det same, og det i fjerde og avgjerande finalesett mot lag Bathurst.  

 
K 10 9
8 6
E kn 6
E D 6 5 3
 
D 8 5 4 3 2
E
10 9
kn 8 4 2
E kn 7 6
K D 10 5 4
K
10 9 7
 
-
kn 9 7 3 2
D 8 7 5 4 3 2
K
 
 
VestNordØstSyd
WeiHampsonLiuGreco
1 hjpass
1 spdbl2 sp3 sp
4 spdblpass5 ru
passpasspass


Greco hadde inga god melding over 1 hjarter, men då makkeren kom på banen med ei opplysande dobling som normalt syner ein del minor (eller kompenserande honnørstyrke), vakna han til dei gradar. På det andre bordet gjekk 4 spar ei udobla beit, men Greco hadde ikkje tru på motspel med den spesielle handa si, og landa altså i 5 ruter.
 
Då vest byrja med hjarter ess, var nok det meste eigentleg gjort. I neste stikk gjekk ein spar til niaren i bordet og steling, og så kom ruter dame.
 
At ein motspelar i ein situasjon som denne ikkje dekkjer, aukar alltid sjansen for at han ikkje har kongen. Har ein kongen, er det jo mange gonger rett å dekkje, og ofte vanskeleg å vita når det ikkje er rett (om bordet hadde hatt noko à la ess, knekt, ti i ruter, ville det sjølvsagt ha stilt seg annleis). Men her var nok honnørpoenga likevel det viktigaste argumentet for Greco. Aust, som opna, har altså maks 5 honnørpoeng i hjarter, og truleg har han heller ikkje meir enn 5 i spar, og i kløver har han maks ein knekt. Sjansen må altså vera stor for at ruter konge sit bak. Greco gjekk opp på esset og noterte soneutgang i hus.
 
Skulle det koma eit anna utspel, til dømes ein spar, vil det vera ei god investering for sør å prøve seg med ein hjarterrunde før han går på ruteren. Når esset kjem til syne, har sør gjeve seg sjølv ein god sjanse til å treffe rutervalet.
 
Spelet gav lag Nickell 11 IMP, og var eit viktig bidrag på veg mot den ærefulle tittelen. 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Leif-Erik Stabell Dato: 8.4.2024
E-post: Ingen e-post Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
Er ikke helt overbevist om at dette var beste spilleplan. Han burde vel ha tatt for kløver Konge i stikk 2? Hvis Vest skulle klare å dukke med K9 i ruter i neste stikk, har han fremdeles en sjanse etter å ha gått opp med ruter Ess. E D i kløver og bort med 2 hjertere, kløver til trumf og nok en ruter. Vest kommer inn og må spille spar, og hvis det er fra Damen er Syd hjemme, siden han får kastet sine to siste hjertere på kløver og spar.