AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Hjernetrim
Spelstensilane no for tida inneheld gjerne ein fasit på kor mange stikk som kan vinnast i kvar farge i kvar retning, reint teoretisk. Ein sjeldan gong dukkar det opp kontraktar som er så innfløkte at ein sjølv med opne kort må vri hjernen for å skjøna korleis det kan bli akkurat den mengda stikk.
 
Underteikna fekk ei slik prøve i krinsserien i Trondheim nyleg. At eg trong lang tid i etterkant på å finne ut kva eg måtte ha gjort for å vinne kontrakten, seier litt om kor sjanselaus eg var på å greie han ved bordet. Eller var det mogleg? Du kan like gjerne få tygge på alle korta med éin gong.

 
E K 6 3
10 9 7
6 4
E kn 6 3
 
9 5
D kn 8 2
E kn 10 9 8 7
4
D 8 2
6 5 4 3
3 2
K 10 9 8
 
kn 10 7 4
E K
K D 5
D 7 5 2
 
 
VestNordØstSyd
V. OvesenMolbergO. A. HattenSkjetne
1 gr
2 hj1)dblpass2 sp
pass4 sppasspass
pass
1) Minst fire hjarter, og normalt lengre minor


Vest byrja med kløver fire, og eg greidde i det minste fyrste prøve, som var å stikke med esset. Då vest fort byrja med ti kort i fargane sine – hjarter og openbert ruter – var det òg liten grunn til å ta sparfinessen. Eg la ned ess og konge i spar, og valde no å halde fram med ess og konge i hjarter, og så ruter konge. Vest vann med esset og spela ruter knekt opp att til dama. Eg stal ruterkvisten i bordet, men aust kunne stela og fri seg med hjarter. Det var ingen måte å unngå to kløvertaparar på – éi beit.
 
Fordi aust ikkje støtta hjarteren, noko eg personleg ville ha gjort i gunstig sone, tenkte eg at han kanskje byrja med fordelinga 3–3–3–4, og at vest hadde meldt inn 2 hjarter på ein dårleg femkorts hjarter og ein betre femkorts ruter. Då ville aust, etter rutersteling i bordet og ei hjartersteling på handa, ha vorte innspela på spar dame, og vorte nøydd til å løyse kløveren for meg.
 
Eg spekulerte i ettertid lenge på om eg kunne ha gjort noko for å spela inn aust slik korta faktisk sat. Tilsynelatande er det betre om eg får stole bort hjarteren tidleg, for då er vel aust innspela idet han stel over ruteren? Men han kan jo berre la vera å gjera det. Kastar han hjarter på ruteren, blir han innspela i spar. Men i eit slik scenario kan han ganske enkelt kaste kløver: Eg har berre éin trumf og tri kløver att på kvar hand. Aust kjem inn og kan plukke av meg dei siste trumfane, og så har han eit hjarterstikk. Om eg tidlegare har spela kløver til dama, har det ikkje noko å seia i ein slik speleplan, det er då berre eitt kort mindre på kvar hand.
 
Kva kan det ha seg at 4 spar likevel står? La oss spole litt attende. Vi genererer enkelt fylgjande situasjon, der vi har teke ess og konge i båe majorane, undervegs hugsa å spela kløver til dama, og omsider drege ruter konge til esset i vest, som ikkje ville ha tent noko på å lasjere. 

 
6 3
10
6
kn 6
 
-
D kn
kn 10 9 8
-
D
6 5
3
K 10
 
kn 10
-
D 5
7 5
 


Viss vest spelar hjarter, stel vi og spelar ruter dame og ruter fem. På den siste sakar vi kløver i bordet! Aust har ingenting å tene på å stela, men idet vest får vera inne, er han innspela.
 
Viss vest i diagrammet i staden spelar ruter, stikk vi og spelar ruter til steling. Aust kan no ikkje kaste kløver, for vi har enno to trumf på handa, og kan då ganske enkelt godspela kløveren. Kastar aust i staden hjarter, stel vi hjarteren på handa, og kan spela aust inn i spar. Altså stel nok aust over ruteren, for å fri seg med hjarter. Men no kastar vi kløver frå handa! Vest kjem inn og må spela ein ny raudfarge til dobbeltrenons, noko som gjev oss høve til å trumfe i bordet og kaste den siste kløveren frå handa.
 
Eg tenkte altså fullstendig feil: Det var vest som skulle spelast inn, ikkje aust! Eg skal ikkje plage meg sjølv for mykje med beita eg gjekk i dette spelet, korta var rett og slett litt over mitt nivå. Men spesielt om aust hadde støtta til 3 hjarter, så sør veit at andre innspelsvariantar ikkje kan fungere, er det vel faktisk ikkje heilt umogleg å vinne 4 spar i praksis heller?

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger