AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Nådelaust
Då Siv Thoresen vann seriemeisterskapen i sesongen 18/19, var ho den fyrste kvinna i norsk historie som greidde den bragda. Ingen kvinner har heller vunne i åra som har gått sidan då, før Thoresen no i år altså hausta nok ein gullmedalje i denne gjæve tevlinga, rett nok i selskap med ei anna dame – svenske Jessica Larsson – og dei tre solide mannfolka Erik Aulid Eide, Sam Inge Høyland og Jo-Arne Ovesen.
 
Men i denne vekas spel er det nettopp Thoresen som syner seriemeistertakter. Kva ville du ha spela ut etter dette meldingsforlaupet?

10 4 2
kn 10 8 2
E D 8 7
E 5
 
VestNordØstSyd
ThoresenBersetEideEkren
1 hjpass1 sp
pass2 grpass4 sp
passpasspass


Problemet med slike utspelsprøver er naturlegvis at det å gje noko som ei prøve, i seg sjølv signaliserer at ein må tenkje litt utanfor boksen. Ein døll trumf er altså neppe løysinga denne gongen, kanskje heller ikkje hjarter knekt – som ein nok likevel bør styre unna etter hjarteropninga i nord. Kva då med minorane – kanskje kløver ess i von om å få ei steling?
 
Vel, innan no har du kanskje allereie skjøna det. Med forventning om ei sterk hand i bordet, plukka Thoresen fram ei sylfrekk kløver fem. Ein kan neppe påstå at det alltid er rett, men det vart iallfall ein innertiar denne gongen:

 
E K
D 9 5 4 3
K kn 9 4
K kn
 
10 4 2
kn 10 8 2
E D 8 7
E 5
8 6
E 6
10 6 2
D 9 8 4 3 2
 
D kn 9 7 5 3
K 7
5 3
10 7 6
 

 
Det kan godt hende at Bjørn Olav Ekren, som var vore ute ei vinternatt før, kika seg til venstre og seriøst vurderte å gå opp med kongen. Men ein kan liksom ikkje gjera det lell, fordi det ser så skrekkeleg dumt ut alle dei gongene vest faktisk har valt eit heilt normalt utspel frå dama.
 
Då knekten vart lagd i bordet, var kontrakten daud. På det andre bordet spela Høyland–Ovesen 3 spar med heile elleve stikk etter trumfutspel, så det vart 6 IMP inn til lag Thoresen i staden for like mange ut om kontrakten hadde gått i hus.
 
Mykje kan seiast om spelet i 4 spar; heilt opplagt er utgangen ikkje på grunn av dårleg kommunikasjon, men den står alltid i teorien. Det vil nok i praksis ofte koke ned til eit kløverval – gjeve at vest på eit tidspunkt i spelet skifter liten kløver – men då er plutseleg fråværet av kløverutspel i seg sjølv ein indikasjon på at vest har esset og aust dama. Faktisk var det i heile salen berre to speleførarar som gjekk beit i 4 spar.
 
Lag Thoresen vann kampen 47–33 i IMP, eller 13,15–6,85 i VP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger