AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Eitt stikk av gangen
Det er vanlegvis utgangar og slemmar som finn vegen til bridgespaltene. Men det er mykje interessant bridge i delkontraktar òg, som dette spelet frå Bermuda Bowl kan prove.  

 
10 7 5
K kn 4
8 4
D 9 8 7 2
 
kn 9
9 6 5
K 7 3
K kn 6 5 3
K D 4
E 10 7 3
D 6 5 2
10 4
 
E 8 6 3 2
D 8 2
E kn 10 9
E
 
 
VestNordØstSyd
KalitaDemuyKlukowskiKranyak
passpass1 kl1 sp
pass2 sppasspass
3 klpasspass3 ru
pass3 sppasspass
pass


Vi er i oppgjeret mellom Sveits og USA 1 i grunnspelet. Som dei fleste vel veit no, skulle Sveits koma til å gå heilt til topps i tevlinga. USA 1 tapte derimot kvartfinalen sin mot USA 2.
 
Ein enkel løft til 2 kløver over 1 spar hadde tydelegvis vore noko slags hokuspokus frå Jacek Kalita, etter at makkeren Michał Klukowski opna i ein temmeleg kunstig såkalla polsk kløver. Dimed følte han etterpå at han måtte kjempe med 3 kløver, som kunne ha vorte ein utriveleg affære. Men det var ikkje opplagt for Vincent Demuy i nord å doble, og det var forståeleg at John Kranyak i sør følte for å kjempe vidare (det hadde sjølvsagt vore svært gunstig om sør kunne ha dobla, men det er mogleg at det i denne posisjonen ville ha vore straff).
 
Mot 3 spar kom det liten kløver ut til esset. I neste stikk la Kranyak hjarter dame i disken, men Klukowski ville ikkje stikke den. Ny hjarter gjekk til knekten og esset.
 
Klukowski skifte til spar konge. Det var ikkje det beste. Om Kranyak stikk no, er han heime til dømes ved å dra hjarter til kongen og ruter til knekten og kongen, som på ein måte sluttspelar vest, ettersom sparen er blokkert for forsvaret. Men Kranyak lasjerte spar konge. Dimed fekk Klukowski ein ny sjanse, og den greip han straks: Han fjerna inntaket i bordet, og sytte for at makkeren enno hadde frikort, ved å spela ny hjarter.
 
Inne i bordet spela Kranyak ruter til knekten og kongen, men no kunne Kalita fri seg med spar knekt, og det måtte bli eit stikk på ruter dame til slutt.
 
For å sikre beit i kontrakten, må Klukowski spela liten spar idet han kjem inn på hjarter ess. No hjelper det ikkje speleførar å stikke, fordi motparten har unngått å blokkere sparen. Det beste er å dukke, men så blir situasjonen som skissert over – Kalita må skifte tilbake til hjarter for å beite.  
 
Den «enkle» løysinga på alt dette, er at speleførar heller enn hjarter må byrja med ruter i andre stikk. Slik det sit, kan han ikkje då hindrast frå å koma til ni stikk.  
 
På det andre bordet vart 3 spar vunne på enkelt vis, då det kom ruter ut. Sveits vann kampen 31–16 i IMP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger