AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Flukta frå finessane
I ein rundekamp tidlegare i år dukka det opp eit interessant speleføringsproblem. Nordtrønder Arnstein Nymoen løyste det pent, men motspelet kunne nok ha vore kvassare. 

 
8 7 3
3
D kn 10 9 4 2
E 8 4
 
 
E D 10
E D 9 8 7 6 5
E 5
K
 
 
VestNordØstSyd
SkjetneDalingForfotNymoen
2 kl
pass2 rupass4 hj
passpasspass


Vest byrjar med ei norsk kløver tre. Kva tankar gjer du deg om speleføringa?
 
Du må jo eigentleg ta ei avgjerd allereie i fyrste stikk her. Bordet har berre eitt inntak, så det kan verke som at du bør stikke med kløver ess for å få teke ein finesse. Problemet er sjølvsagt at du har tre å velja i mellom, og ikkje anar kva finesse/finessar som går eller ikkje går.
 
Nettopp difor er det nok best å sleppe kløveren. Tenkjer ein litt lengre framover, ser ein jo at motparten, idet dei kjem inn i trumf, nesten blir nøydde til å gje litt assistanse. Nymoen stakk med kløver konge og la ned hjarter ess og ein hjarter.
 
No kan jo det hyggelege skje at hjarter konge kjem på bordet, men det gjorde han ikkje aktuelt. Skulle aust koma inn i andre hjarterrunde, kan speleførar fort få eit ukomfortabelt val. Men denne gongen kom vest – tilfeldigvis underskrivne – inn, og var i realiteten innspela, då heile spelet såg slik ut:  
 
 
8 7 3
3
D kn 10 9 4 2
E 8 4
 
kn 5
K kn 10
K 6 3
D 10 7 6 3
K 9 6 4 2
4 2
8 7
kn 9 5 2
 
E D 10
E D 9 8 7 6 5
E 5
K
 


Eg tok òg for hjarter konge, men kva skulle eg spela no? Aktuelt la makkeren min, Åsmund Forfot frå Bakre Rissa, ein liten spar på den tredje hjarteren, og dimed var nok all von ute.
 
Eg skifte spar knekt, vunnen med dama, før Nymoen kontant spela ruter ess og ny ruter. Dimed var eg innspela på nytt, og kontrakten var heime.
 
Ruter kan eg openbert ikkje spela når eg er inne i hjarter, og liten spar blir like dårleg som knekten. Eg mistenkte at sør kunne ha singel kløver konge, og dimed verka jo det å gje bordet stikk på kløver ess som ein dårleg idé. Men faktisk er det det beste forsvaret, for om blindemann kjem inn, må speleførar straks bestemme seg for kva finesse han vil ta – ruterkutten, spar til dama eller kanskje spar til tiaren? Men skal det kunne bli beit, må nok aust i tillegg unngå å avsløre at han har spar konge ved å leggje styrke i spar på tredje hjarter.
 
Eit pikant spill, og ei god kortføring av Nymoen – som vel å merke vart kopiert av Karl Morten Lunna på det andre bordet.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger