AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Dobbel dukk
Det vart lag World Bridge Tour, med Boye Brogeland–Christian Bakke, Thomas Charlsen–Thor Erik Hoftaniska og Espen Erichsen–Martin Andresen, som vann kvalifiseringa i open klasse til World Bridge Games i Buenos Aires, og som dimed får lov til å representere Noreg i denne tevlinga i haust.
 
Fylgjande var eit interessant spel i finalen, som bidrog godt til at vinnarlaget slo Geir Helgemo–Tor Eivind Grude og Christer Kristoffersen–Kåre Osvald Bogø på lag No name.

 
E K 5 3
6 4 3
E
E K 9 4 2
 
 
kn 9 8 2
E 7 2
9 8 3
10 8 6
 
 
VestNordØstSyd
HelgemoBakkeGrudeBrogeland
passpass
2 rudblpass2 sp
pass4 sppasspass
pass


Med kløver tre ut frå vest, korleis ville du ha spela denne utgangen?
 
På det andre bordet kom Christer Kristoffersen i same kontrakt; den einaste skilnaden var at Thomas Charlsen i vest opna i 3 ruter og ikkje 2. Utspelet var også det same, og eg trur nok dei fleste ville ha gjort det same som Christoffersen no, nemleg å stikke med kløver ess. Utspelet ser jo veldig ut som ein singelton, gjer det ikkje?
 
Så var Kristoffersen inne i bordet, og hadde ikkje mykje anna å gjera enn å ta ess og konge i spar. Båe motstandarar fylgde, men inga dame synte seg. No måtte det spelast liten kløver. Hoftaniska i aust vann med knekten, og som venta var Charlsen fri, han kasta ruter dame. Hoftaniska tok for spar dame og skifte ruter. No måtte Kristoffersen bruke sin siste trumf på å stela god kløveren, og det var umogleg å unngå to hjartertaparar i tillegg til dei to svarte taparane – ei beit.
 
Boye Brogeland la liten kløver på utspelet! Han innsåg at dersom aust vinn denne og spelar kløver attende til steling, er det berre gunstig, fordi det godspelar kløveren for speleførar, og gjev ein vesentleg tempogevinst – med dette motspelet står då også kontrakten slik det sit.
 
Tor Eivind Grude fann altså rett motspel då han skifte til hjarter dame. Brogeland ville ikkje ha den heller! Det var også heilt riktig, for han kan ikkje vinne om han stikk. Poenget er at sør er avhengig av å få kasta ein hjarter på godstole kløver, og deretter få stole ein hjarter. Men dette går ikkje om aust kan koma inn i hjarter på eit tidspunkt der han har ei høg spar dame å ta for, som plukkar av sør den siste trumfen.
 
Altså måtte hjarter dame lasjerast. Grude spela ny hjarter, men då var kontrakten heime.

 
E K 5 3
6 4 3
E
E K 9 4 2
 
7 6
K 10 8
D kn 10 6 5 4 2
3
D 10 4
D kn 9 5
K 7
D kn 7 5
 
kn 9 8 2
E 7 2
9 8 3
10 8 6
 

 
Brogeland stakk den andre hjarteren med esset, og kunne no spela ess, konge i spar og ess, konge i kløver, fylgd av ein kløver til steling. Endeleg kunne han entre bordet på ruter ess og dra den ståande kløveren. Grude var fanga – Brogeland fekk både kasta hjarteren sin og stole ein hjarter.
 
Du ser vel Grudes noko graverande feil? Idet han får for hjarter dame, kan han skifte attende til kløver. Helgemo får stelinga si, og enno må spar dame bli eit stikk.
 
Brogelands speleføring etter å ha stukke med hjarter ess ville ikkje ha ført fram med spar dame tredje i vest. Slik Grude spela imot, burde kanskje Brogeland heller ha spela på at Helgemo hadde sparlengda, og segla spar knekt i von om å finne Grude med tiaren dobbel?  
 
Det hadde vore den respektfulle speleføringa. Men Brogeland veit sjølvsagt godt at også sterke spelarar kan gjera klåre feil, og han gjekk for den varianten han trudde på. Eit snasent spel av stor tyding, dette, og 10 IMP inn i ein kamp som World Bridge Tour vann med sifra 80–66.
 
I dameklassen vart det til slutt ein klår siger til lag Is og brus, med Ann Karin Fuglestad–Marianne Harding og Torild Heskje–Gunn Tove Vist, som i finalen møtte det unge og svært lovande lag Nytt blod, forma av Thea Indrebø–Ida Marie Øberg og Sofie Sjødal–Kaja Brekke.

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger