AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Skitten utgang
«It's all about bidding those filthy games and making them,» heiter eit gamalt visdomsord som gjeld idretten lagkamp. Eg trur det var Eric Rodwell som sa det, men det kan ha vore Jeff Meckstroth, den andre halvdelen av det lenge svært profilerte makkerparet Meckwell – dei var kjende for å melde hardt.

Det er fornuft i dette i lagkamp: Å melde dårlege slemmar er potensielt svært kostbart, og dei er det ofte vanskeleg å snike heim med ei utspekulert speleføring, medan dårlege utgangar oftare glid heim på god speleføring og/eller dårleg motspel, og heller ikkje kostar så mykje om dei går beit.
 
Her er eit døme på at vinnarane av Soloway Knockout Teams under Fall Nationals i Atlanta definitivt fylgjer same regel.

 
E K 9 6 5 3
9 7 5 2
kn 5
7
 
D 7 2
kn 10 4
E 6 4 2
K 9 8
kn 8 4
K 8 3
D 9 8
kn 5 3 2
 
10
E D 6
K 10 7 3
E D 10 6 4
 
 
VestNordØstSyd
MannoKalitaDi FrancoKlukowski
1 kl
pass1 sppass2 kl1)
pass2 ru2)pass2 gr
pass3 sppass3 gr
passpasspass
1) 15+ med kløver
2) Kunstig krav


Spelet er frå finalen mellom lag Zimmermann og lag Street. Det var i grunnen nokså gyseleg meldt, dette; det kan på ingen måte tilrådast å hamne i utgang på 23 kombinerte honnørpoeng utan noka god stikkjelde. La oss sjå korleis spelet utvikla seg.

Italienske Andrea Manno (etternamnet er det som gjeld, han er ein mann og inga dame) byrja naturleg nok med hjarter knekt, som gjekk til kongen og esset. Klukowski heldt fram med hjarter dame og hjarter, og Manno var inne att.
 
Eg trur nok det må kallast ein feil at han no skifte til spar dame. Om sør skulle ha knekten singel i spar, spelar det inga rolle om ein liten spar får gå rundt til denne knekten, for då er bordet daudt som ei sild etterpå, og skulle sør mot alle odds ha knekten dobbel i spar (det verkar særs rart at han ikkje då byrja på sparen heller enn hjarteren), kan han i teorien få seks sparstikk også med spar dame i skift (men med liten spar i vri, blir det sjølvsagt langt lettare).
 
Tilsynelatande kosta ikkje spar dame noko, men idet bordet vann stikket og den fjerde hjarteren kom i vinden, kunne ikkje Massimiliano Di Franco i aust godt kvitte seg med ein spar, som hadde vore det mest komfortable. Han var rett og slett utsett for ein slags tidleg skvis.

Kløveravkast vil jo gjera det mogleg for Klukowski å få heile den sorten til å rulle, men ruter åtte, som han valde, vart ikkje betre. Klukowski kasta sjølv ein kløver, og det var nok heller ikkje optimalt at også Manno kasta ein ruter no.
 
I neste stikk gjekk ruter knekt til dama og kongen, og då han fekk for denne, la Klukowski elegant ned ruter ti, som felte niaren i aust. Dette stikket vann Manno med esset, men kva i alle dagar skulle han spela attende?

Alt er grønt no, kontrakten står uavhengig av motspelet. Aktuelt spela Manno spar tilbake, til kongen i bordet, og Klukowski hadde til og med råd til å «bomme» kløveren ved å spela liten til dama. For no kunne Di Franco få stikk for spar knekt, men på denne kasta Klukowski kløver ti. Han hadde sjølvsagt teljing på ruteren, og visste at sjuaren kom til å felle seksaren, slik at ruter tre vart kontraktstikket.
 
Utroleg nok gjekk spelet – i same ballharde kontrakt – heilt identisk på det andre bordet fram til punktet der den fjerde hjarteren var teken hjå blindemann. Sponsor Paul Street hadde òg moglegheit til å vinne kontrakten ved å dra ruter knekt, men då han i staden spela kløver til dama, var han ille ute og enda med å gå to sonebeiter, for 13 IMP til lag Zimmermann på vegen mot tevlingssigeren.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger