AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Den umoglege sjukortsfargen
Eit gamalt munnhell seier at det er umogleg å halde rett mot ein sjukortsfarge. Eit grelt døme på dette fekk vi i sjølvaste finalen i Vanderbilt i Louisville i Kentucky nyleg. Men som så ofte var det nok menneskeleg svikt – ikkje ei naturlov – som forsegla lagnaden til dei uheldige motspelarane. 

 
7
E K D 10 8 6 4
10 8
K D 4
 
D 6 4 2
kn 5 3
D kn 4 2
10 2
K 9 8
9
K 6 5 3
9 8 6 5 3
 
E kn 10 5 3
7 2
E 9 7
E kn 7
 
 
VestNordØstSyd
NickellComptonKatzSmith
1 hjpass1 sp
pass4 hjpass4 gr
pass5 sppass5 gr
pass7 grpasspass
pass


Nord–sør representerte lag Bathurst, som i Vanderbilt-finalen møtte det feterte lag Nickell. Meldingane er for så vidt greie fram til den siste, der eg synest at Chris Compton straffar makkeren sin for det naturlege forsøket på å leite etter storeslem. Han har ikkje mykje meir enn det han allereie har synt, så held det ikkje å vise kløver konge med 6 kløver?
 
7 hjarter har brukbare sjansar: Utan ruterutspel, som ofte vil vera vanskeleg å finne, står kontrakten normalt med sparen 4–3. I 7 grand, derimot, er sjansane høgst marginale, og slik det sit fullstendig ikkje-eksisterande.
 
Men det var denne sjukortsfargen då … Ron Smith fekk ei passiv hjarter fem ut til esset, og tok no ytterlegare tre hjarterrundar, så tre kløverrundar, så litt fleire hjarter. Då to av sorten låg att i bordet, såg det slik ut:

 
7
8 6
10 8
-
 
D 6 4
-
D kn
-
K 9 8
-
K 5
-
 
E kn 5
-
E 9
-
 

 
Jo då, det er vanskeleg å kaste mot ein sjukortsfarge. Ein kan bli sliten av å halde teljinga, makkers avkast kan vera forvirrande, og så bortetter. Men i mange tilfelle kjem ein langt med enkel logikk.
 
På den nest siste hjarteren kasta Ralph Katz ein ruter, og Smith spar fem. Eg skal ikkje gå inn i motspelssignala til aust–vest og forsøkje å analysere korleis Nickell tolka Katz sine kazt, og det er heller ikkje naudsynt. Vest kan gå ut ifrå at sør har både spar ess og ruter ess, og dersom han då har ein konge i tillegg, hadde han claima i stikk éin. Aust har altså både spar konge og ruter konge, og vest kan hundre prosent trygt kaste ein spar i diagramsituasjonen.
 
Så kjem nok ein hjarter, og aust kan like gjerne kaste ruter konge. Sørs beste sjanse er no å kaste den siste sparen sin, men vest kan gå ut ifrå at aust, som altså har kasta seg heilt tom i ruter, må ha kontroll på sparen, og han kan difor trygt single spar dame.  
 
I det heile er det ofte gunstig i spel som dette om forsvaret held kvar sin farge, i staden for å halde på den same fargen og la éin farge bli fullstendig borte. Men det var nettopp denne katastrofen som skjedde, då også Nickell kasta ruter på den nest siste hjarteren. Dimed var spelet over så lenge Ron Smith greidde å kaste spar på den siste hjarteren, noko han gjorde – ess, ni i ruter vart på mirakuløst vis to stikk.
 
På det andre bordet vart det spela 6 hjarter med eit overstikk, så påtråkket av 7 grand kosta 25 IMP. Lag Nickell vann likevel finalen til slutt, 149–112 i IMP.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger