AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Open bok
Speleprøver i det verkelege livet er ofte ikkje så desiderte og eintydige som i lærebøkene. Men av og til dukkar det opp umiskjennelege klassikarar også i praktisk bridge. Her er ein frå påskecupen i Soknedal tidlegare i år, som vel å merke vart oversett av fleire.  

 
E 5 4
K 9 3
E kn 7
kn 4 3 2
 
 
-
E D kn 8 7 2
8 6 5
E D 7 5
 
 
VestNordØstSyd
1 klpass1 hj
2 sppass3 sp4 hj
passpasspass


Vest byrjar med kløver seks, som går til åttaren i aust og dama. Med dette utspelet er det ti ess, og i lagkamp ville det heile ha vore av akademisk interesse. Men i parturnering må det jaktast på overstikk.
 
Utspelet i bordet sin opningsfarge er nesten garantert ein singelton. Aust har altså eit solid kløverhald. Ruteren kan gje eit ekstrastikk dersom vest har både konge og dame, men det er usannsynleg. Kva med eit innspel?
 
I sær om trumfen er fordelt 2–2, ligg det godt til rette for dette – og om du byrjar med hjarter ess og hjarter til kongen, syner det seg at det sit nettopp slik.
 
La oss seia at du stel ein spar og spelar ruter til esset (knekten gjer for så vidt same nytta). Så tek du spar ess med kløveravkast og spelar spar til steling. Sparen er eliminert, og du kan no fri deg med ruter. Kva skal motparten gjera? Dei kan ta to stikk i ruter, men så er det slutt.
 
Heile spelet: 
 
 
E 5 4
K 9 3
E kn 7
kn 4 3 2
 
D kn 9 7 6 3
6 4
D 9 4 3
6
K 10 8 2
10 5
K 10 2
K 10 9 8
 
-
E D kn 8 7 2
8 6 5
E D 7 5
 

 
Om vest er inne etter det andre ruterstikket, kan han berre velja mellom ruter og spar, som båe delar blir til dobbeltrenons, altså steling i bordet og eit andre kløveravkast i sør. Om aust er inne, er det ikkje særleg betre for han å spela kløver – den går jo til kombinert saks.
 
I vakre Soknedal noterte berre eitt par elleve stikk i 4 hjarter etter kløver seks ut, det var Kaido Poder–Ulf Hagestuen.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger