AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Akkurat ei beit
Motspel er veldig enkelt og veldig vanskeleg. Denne veka eit ganske kvardagsleg spel med minst to instruktive poeng, som dukka opp under ein kamp i Gauldalsserien i Sør-Trøndelag krins nyleg.

 
8 5 3
7 3
8
K D kn 10 9 5 4
 
E K 10 2
10 8 6 5 4
9 7 2
7
kn 6 4
K kn 9 2
kn 10 6 4
E 6
 
D 9 7
E D
E K D 5 3
8 3 2
 
 
VestNordØstSyd
1 gr
pass3 grpasspass
pass


3 grand er ein dårleg kontrakt, men vil nok vera ein populær kontrakt i alle tevlingar. Nokre stader var vest inne med ei majorvisande melding over 1 grand, utan at det eigentleg har stort å seia for motspelet.

På eitt bord byrja vest med spar ess. Kva skal aust fylgje med no? Eg trur nok mange kunne ha kome i skade for å leggje seksaren, ei slags svakheit utan at ein treng å ofre eit veldig stort kort.
 
Det gjorde også vår antihelt i aust, og så var det vest som var i rampelyset. Han heldt fram med liten spar, og kontrakten var heime. Det er vanskeleg å klandre han for motspelet; aust kunne ha hatt spar dame og til dømes eit raudt ess, slik at det hasta å få med seg stikka (ein lur sør kan sjølvsagt leggje sjuaren frå til dømes knekt, sju, fire for å prøve å hindre vest frå å spela spar).

Aust bør, heilt klårt, leggje spar knekt under esset. Han treng ikkje dette kortet til noko spesielt, og han ser at han stoggar kløveren, så det viktige må vera å ikkje miste sparstikka som finst i motspel.

Like vanleg var det å spela liten hjarter ut, til kongen og esset. Sør dreg kløver til kongen og det som bør vera ein rutinemessig lasj for aust, som ikkje kan sjå av vest sitt kløverpåspel om sør byrja med to eller tre av sorten.
 
Ein annan viktig grunn til å dukke, er at vest, om han hadde singel kløver, får sjansen til å gjera eit avkast i andre kløverrunde. Det høvet bør han nytte godt, han bør lempe hjarter ti for å seia så tydeleg som overhovudet mogleg: Spel spar, din oter! Då kjem skiftet, og det blir beit. Men ved mange bord skjedde ikkje dette. Aust fylgde dimed den gamle regelen om å spela makkers utspelsfarge attende, og 3 grand gjekk heim.

Olav Arve Høyem–Jan Egil Løhre og Audun Løhre–Magnar Helgemo var dei to para som fekk fatt i beit i 3 grand den aktuelle onsdagskvelden i ei av Sør-Trøndelags mange skjulte perler – pittoreske Soknedal.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger