AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Trist sorti
Alle som har spela bridge ei stund, veit at ein innimellom kan få alt så til dei gradar om bakfoten at det nesten blir komisk. Slik gjekk det med sør, ein svært god spelar som skal få lov til å vera anonym, i denne vekas kasus. Det skriv seg frå krinsserien i Trondheim.
 
Fyrst ei meldeprøve. Kva opnar du med i andre hand ugunstig på desse korta?  

 
E K kn 10 7 2
4 3
K 9
K 5 3
 


For mange vil eg tru at det ikkje er ei prøve i det heile. 1 spar er det normale, og eg hadde nok valt det sjølv. Men, det skal seiast at handa er god og har eit stort potensiale. Éin sørspelar – mange gonger noregsmeister – valde difor den uortodokse opninga 1 grand.
 
Eg trur ikkje han vona at det skulle gå pass rundt, men det gjorde det. Vi kan like gjerne få heile spelet med ein gong:
 
 
9 4
E 9 6
8 7 4 3 2
7 6 2
 
D 8 5 3
D kn 10 2
kn 6
E D 10
6
K 8 7 5
E D 10 5
kn 9 8 4
 
E K kn 10 7 2
4 3
K 9
K 5 3
 
 
VestNordØstSyd
pass1 gr
passpasspass

 
Vest byrja med hjarter dame. Sør såg jo at det her fanst fleire skumle fargar, og at det meste nok ville stå og falle på sparfinessen. Så han kunne like gjerne stikke i bordet og dra spar ni og la denne segle.
 
Uheldigvis vann vest med dama, og så kom tre hjarterstikk i vinden. Forsvaret ordna det så aust var inne på den siste. Kva skulle sør kaste?
 
Det måtte nesten blir ein kløver og ein spar, det opplagde. Aust var ikkje sein om å skifte kløver, og så kom fire kløverstikk i vinden, igjen på ein slik måte at aust var inne på den siste. Kva skulle sør kaste no, idet han skulle ned på fire kort?

Det «korrekte» er vel å setja seg att med to spar og ruter konge dobbel. Då får sør iallfall to stikk til så lenge ruter ess sit framom. Men sør vona nok at aust skulle misforstå sitsen, altså ikkje gjennomskode at sør byrja med så mykje som seks spar, og prøve å spela sør inn i spar for å tvinge han til å spela ruter unna kongen. Han blanka difor ruter konge.
 
Men då aust var fødd med singel spar, hadde han ikkje anna å gjera no enn å ta ruter ess, og jaggu kom kongen deisande. Deretter gav både ruter dame og ti stikk.
 
Eit godt nyhende kom likevel til slutt: Speleførar hadde hugsa å halde fire ruter i bordet, slik at det måtte koma eit stikk der – på ølkortet, ruter sju! – heilt til slutt. Den relativt stusslege blindemannen fekk i dette spelet altså to stikk, grandopnaren ingen. Fem sonebeiter, 500 ut.
 
At det vart nokon gratis øl på speleførar denne gongen, tviler eg på.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger