AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Så forferdeleg nært
Som nokre vil hugse, slo det franske lag Vinciguerra knock-out på sjølvaste Geir Helgemo og hans sponsorlag Wigoder i semifinalen under European Winter Games i Tignes i Frankrike. Men hadde ein viss kroat tenkt seg litt grundigare om, ville ikkje Vinciguerra ha kome til kvartfinalen, og alt kunne kanskje ha sett annleis ut.  

 
K 9 6 2
D 7 2
-
D 8 7 6 3 2
 
10 8 3
10 9 5
kn 6 5 4
E 10 4
5
E 6 4 3
E K D 2
K kn 9 5
 
E D kn 7 4
K kn 8
10 9 8 7 3
-
 
 
VestNordØstSyd
LorenziniCaricBessisSipus
passpass1 ru1 sp
pass4 spdblpass
5 rupasspass5 sp (!)
dblpasspasspass


Eg må innrømme at eg neppe hadde hatt krefter til å melde 5 spar når eg har femkorts i motpartens trumffarge og aust dobla 4 spar – opplysande, så klart, men likevel. Sør har jo god grunn til å tru at makker er renons i ruter, og ofte har han vel også femkorts spar, men det er truleg mange ruter som skal stelast og mykje som skal ordne seg for at 5 spar skal kunne stå. Nokre dobla beiter i 5 ruter verkar som ein sikrare pluss.
 
Men – sørs avgjerd var faktisk riktig i den aktuelle situasjonen. Dette var det siste spelet i heile kampen, og før det dukka opp, leia Kroatia 123–122 i IMP. Men resultatet på det andre bordet på dette spelet vart 4 spar med ti, og 5 ruter dobla hadde neppe gjeve nord–sør høg nok score til å matche 620; altså måtte sør melde 5 spar for å ha ein sjanse.
 
Cédric Lorenzini fann det beste utspelet, trumf. Men det hjelper eigentleg ikkje! For han har ingen inntak som gjev han høve til å få spela ein andre trumf.
 
Når utspelet har teke bort ein trumf i bordet, og sør maks kan få stole tre ruter, har han eigentleg berre ein einaste veg til målet: Ruteren må sitja 4–4, noko som for så vidt verkar truleg etter at vest tok ut i 5 ruter, og i tillegg må han få god hjarterstikka sine og unngå å bli trumfmatt, for han treng å få stikk for ein godspela ruterkvist mot slutten.
 
Sør byrja bra ved å vinne på handa, stela ein ruter i bordet og spela hjarter. Knekten på handa stod – viktig å ikkje leggje kongen! – og så fylgde ny ruter til steling og …
 
Kløver! Eg, som alltid heiar på underhunden og difor ville at Kroatia skulle vinne denne kampen, måtte rive meg i håret der eg sat.
 
Det dette innebar, var at sør trumfmatta seg sjølv, og ikkje kunne koma lenger enn til ti stikk. Løysinga er jo eigentleg så latterleg enkel, og eg reknar med at Marko Sipus har mareritt om spelet enno, for det er berre å spela ny hjarter. Alt tyder på at den fargen sit beint, og i dette tilfellet er det likesælt kva Thomas Bessis føretek seg.
 
La oss seia han vinn med esset og skifter kløver. Sør stel og spelar ruter til steling, og bordet er fritt for trumf. Men no fylgjer hjarter til handa, ut med vest sine trumf, og ruter som gjev motparten eit ruterstikk, før sør har både ein trumf og ein ståande ruterkvist att.
 
5 spar dobla i hus, med det avgjerande stikket på ølkortet ruter sju, når ruter attpåtil var fargen som motparten prøvde å spela utgang i – det hadde vore litt av ei avslutning mot feterte Lorenzini–Bessis!
 
Men nei, det vart dei vanlege andleta i kvartfinalen.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger