AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Forspilte sjansar
Vi tek med endå ein spennande utgang frå finalen i kvalifiseringa til World Bridge Games, som går av stabelen i Buenos Aires i haust. Her skjedde det mangt i både open klasse og dameklassen.

 
K 8 7 3
D kn 8 7 6
E K D 6
-
 
4
E 9 4
10 5 4 3
D 10 8 5 2
D 9 6 5
K 10
kn 8
9 7 6 4 3
 
E kn 10 2
5 3 2
9 7 2
E K kn
 
 
VestNordØstSyd
pass1 hjpass1 sp
pass4 klpass4 sp
passpasspass


Såleis var meldingsforlaupet på båe bord i kampen mellom lag World Bridge Tour og lag No Name. Både Boye Brogeland og Christer Kristoffersen fekk ruter fire ut, stukke med esset, før dei båe spela spar konge og spar til esset. Det var nok ei plausibel speleføring, for det er risikabelt å ta sparfinessen når forsvaret kanskje kan få tak i ei hjartersteling om vest kjem inn på spar dame. Men då aust hadde utstyrt seg med fire spar, var utgangen plutseleg i fare.
 
Brogeland heldt fram med spar knekt, som Tor Eivind Grude vann med dama. Det er kanskje mogleg for Grude å plante hjarter konge i bordet no? Sørs sparvariant tyder på at han har relativt god råd i denne speleføringa – kvifor valde han elles å droppe finessen, og kvifor spelar han ein tredje sparrunde, som jo gjev aust sjansen til straks å reinske ut trumfen ved å spela ny spar? Men Grude spela ny ruter, og då var kontrakten heime. Brogeland vann i bordet og spela ein fjerde spar, deretter hjarter opp, og det var ingenting forsvaret kunne gjera for å hindre heimgangen – merk òg at sør har vest sin ruter fanga i saksa.
 
Kontrakten går beit også med kløverretur frå Grude inne på spar dame. Brogeland må stikke og spela den siste sparen, men når det no kjem hjarter, kan Grude stikke og spela ny kløver igjennom sørs hand, medan vest enno har hjarter ess.
 
I staden for spar knekt, spela Christer Kristoffersen ein hjarter etter spar ess, til kongen hjå Thor Erik Hoftaniska. No er kontrakten beit med alle andre motspel enn det Hoftaniska i praksis valde, som var å spela spar dame og spar. Ruterretur ser ut som ein bortimot sikker veg til beit, i og med at utspelet markerer vest med fire ruter frå start, og aust veit at vest nok har hjarter ess som inntak til å gje han ei steling der. Skulle sør ha byrja med singelton hjarter, kjem han ikkje til å koma langt ved å stela hjarter, ettersom dame, ni då veks opp til to stikk.
 
Men det vart altså butt spel, 620.
 
I damefinalen mellom lag Is og brus og lag Nytt blod vart det noko av eit pingpongspel i 4 spar, der Ida Marie Øberg for Nytt blod sat i sør. Ho fekk det kreative utspelet av ein liten hjarter frå Marianne Harding, til kongen. Om Ann Karin Fuglestad straks hentar ei hjartersteling, vinn sør kontrakten om ho gjettar rett i trumf. Fuglestad skifte heller ruter. Då Øberg no spela spar til esset og spar knekt rundt til dama, var ho sjølvsagt beit. Men Fuglestad ville ikkje ha hjartersteling denne gongen heller, ho prøvde seg med ein ny ruter, og då stod det att. Men så ville ikkje Øberg ta ut trumfen, og då vart det likevel beit.
 
Dimed hadde Torild Heskje på det andre bordet sjansen til å sikre ein utgangssving inn. Ei lita hake var det vel å merke at ho hamna så høgt som i 5 spar, etter eit stranda slemforsøk. Men på ein måte var det ein fordel òg, for med ruter ut kunne ho i denne kontrakten ikkje «safe» ved å spela spar til esset. I staden byrja ho med spar konge og ein spar til knekten.
 
No kan ho vinne med makt ved å spela kløver knekt til steling og ta ein ruterhonnør som fjernar aust sitt frikort, for deretter å spela spar til ny finesse. Så fylgjer spar ess med avkast av ruter seks, og ein hjarter opp. Aust kjem inn, men kan ikkje gjera betre enn å spela kløver, som sør vinn for å spela ein ny hjarter opp – elleve stikk. Noko anna som fungerer er å avblokkere ruter sju eller ni i fyrste stikk og ta fem sparstikk, ess, konge i kløver og fire ruterstikk med finesse på ruter seks – men denne avblokkeringa vart ikkje gjort.
 
Det som skjedde etter den fyrste sparfinessen, var at Heskje straks spela hjarter, som psykologisk sett ikkje var dumt. Det var slett ikkje lett for Sofie Sjødal å returnere hjarter inne på hjarter konge, og alt anna gjev heimgang i denne situasjonen. Sjødal spela i praksis ruter, men no var det berre for Heskje å ta ut trumfen via ein ny finesse, og etterpå spela ny hjarter opp. 650 feite gav 13 IMP til lag Is og brus, som til slutt vann finalen 146–88.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger