AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Store småe ting
Som mange vel har fått med seg, vart det lag Thoresen som vann 1. divisjon, etter ein spennande sluttstrid som også sylvmedaljørane på lag Bogø kunne ha gått sigrande ut frå. På vinnarlaget spela Siv Thoresen, Jessica Larsson, Erik Aulid Eide, Jo-Arne Ovesen og Sam Inge Høyland. Denne vekas spel er frå oppgjeret deira mot bronselaget, Johansen. 

 
K 8
E 10 5 3
D 7 6 5
K 4 2
 
kn 10 7 6 3
D kn 9
10 3
D 8 6
D 5 4
K 4 2
K 9 2
kn 9 7 3
 
E 9 2
8 7 6
E kn 8 4
E 10 5
 
 
VestNordØstSyd
KvangravenLarssonGrudeThoresen
1 ru
pass1 hjpass1 gr
pass3 grpasspass
pass


Rett fram meldt til ein standard kontrakt, som diverre ser dødsdømd ut med sparutspel. Speleførar kan setja opp ruteren for å koma til åtte stikk, men eit eventuelt niande stikk må helst koma i hjarter, og det er ikkje tid til å få sett opp stikk der utan at motparten får henta beita.

Sjansen verka betre på det andre bordet, der Steffen Fredrik Simonsen–Lars Arthur Johansen fekk kontrakten i nord. Men Jo-Arne Ovesen fann spar ut frå dama tredje, og beit vart det.

Siv Thoresen lét Tor Eivind Grude i aust få det fyrste sparstikket på dama, og vann sparreturen i bordet. Så kom ein ruter til knekten og ruter ess, som ikkje gav nokre spesielt gode nyhende i den fargen.

No skifte Thoresen fot, ho spela ein hjarter, og det skulle vise seg å vera svært lurt. Kvangraven hadde ikkje oversikt over hjartersituasjonen – det er mogleg å førestille seg at sør har hjarter konge i staden for kløver ess – og å leggje liten hjarter i vest blir frykteleg dumt om sør bed om tiaren i bordet og plutseleg kan hente fire hjarterstikk.

Kvangraven la altså hjarter dame, og den fekk han for. No måtte han faktisk skifte kløver for å halde liv i beita, ei vanskeleg oppgåve, men kanskje ikkje heilt umogleg sidan han ser at sparen i realiteten er daud.

Då han spela ny spar, hadde Thoresen plutseleg overtaket: Esset tok stikket, og aust fekk på ruter konge. Kløverskiftet derifrå stakk Thoresen med esset for å spela nok ein hjarter, og no var plutseleg inntaket til Kvangravens spar fordufta. Han la niaren, men Thoresen kunne leggje tiaren, og hadde sikra seg to hjarterstikk utan at vest kom inn. Heimgang og 10 IMP til Thoresen, som vann denne viktige kampen 47–43 i IMP, eller 10,99–9,01 i VP.
 
Ved nærare ettertanke var det visst ingen fordel å ha kontrakten i nord. Om aust kan sjå tre småe hjarter i bordet, er faren for å gjera den kritiske feilen naturlegvis langt mindre. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger