AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Problematisk kvinnemenneske
I vår tid slit mange menn med å finne ei dame. Dette er ikkje minst vanleg innanfor bridgen, som i fylgjande spel frå fyrste helg i 1. divisjon.

 
6 3
E kn 10 5
K 10 9 8 2
5 3
 
E kn 7 4
K D 9
D 5
kn 9 7 6
10 9 8 5 2
8 7 4
7 6 3
8 4
 
K D
6 3 2
E kn 4
E K D 10 2
 
 
VestNordØstSyd
BogøHoffaChristoffersenCharlsen
pass2 kl
pass2 rupass2 gr
pass3 klpass3 hj
pass4 sppass5 hj
pass5 sppass5 gr
passpasspass


Eg heng med på meldingsforlaupet inntil 3 hjarter, som eg reknar med fortalde om ingen major. Så var venteleg 4 spar eit slemforsøk av noko slag, og 6 ruter er for så vidt ikkje den aller dårlegaste slemmen verda har sett, men det stranda altså i 5 grand, som må seiast å vera ein av dei sjeldnare kontraktane i moderne bridge.
 
På det andre bordet kom Åsmund Forfot frå vakre Hedmark og Oppland i litt meir komfortable 3 grand, også han etter å ha synt ei sterk hand utan majorfarge. Vest har for så vidt eit interessant utspelsproblem, men då Espen Erichsen valde hjarter konge ut, var kontrakten nedlegg.
 
Hordalands Thomas Charlsen fekk same utspel, som han lasjerte. Kåre Osvald Bogø spela hjarter ni attende, til finesse. Charlsen kan no telja tre hjarterstikk og tre kløverstikk. Det tyder at han er i hamn om han får fem ruterstikk. Men om kløveren går, kan han telja fem stikk der, to i ruter, tre i hjarter og eitt i spar, og er altså ikkje avhengig av rutervalet.
 
Difor spela Charlsen i andre stikk ein spar til kongen, som han fekk for. Så prøvde han kløveren, men måtte skuffa konstatere at aust var fri i tredje runde. Deretter kom to hjarterstikk til i vinden – båe motstandarar kasta spar på den siste – og endeleg var det dags for rutervalet.
 
Vest hadde synt at han hadde lengda i kløver, i tillegg til tre hjarter. Kanskje kunne Charlsen òg lesa noko av nokre fordelingskast i spar, men i alle høve verka det jo som at aust var favoritt til å ha ruterlengda, og dimed dama.
 
Men då liten ruter gjekk til knekt og dame, rasa taket saman, og Charlsen gjekk tre sonebeiter. Dette gav 14 tapte IMP mot 3 grand i hus på det andre bordet. Dei ekstra beitene var riktig nok berre av kosmetisk tyding.
 
Det interessante er at sparutspel mot 3 grand eigentleg gjev speleførar same problem der som Charlsen hadde i 5 grand: Ein manglar toppstikk og tid til å odle hjarteren, så ein må få ein minor til å rulle.

I 3 grand går det an å spela på ein psykologisk variant, til dømes ruter til kongen og ruter til knekten straks, med von om at vest inne på den eventuelle dama ikkje vil makte å leggje ned spar ess. Men den mest naturlege speleføringa blir nok heller å prøve kløveren fyrst, og, om den ikkje går, basere seg på å finne ruteren. Når det så viser seg at vest har kløverlengda, blir det vel igjen riktig å spela på ruter dame i aust?
 
Slik sett var det overraskande fåe speleførarar i dei to øvste divisjonane som gjekk beit i 3 grand, men nokre gjorde det. I grunnen er det då meir stilfullt å gå beit i 5 grand. 
 
Oppgjeret mellom laga Bogø og Andresen er enno berre halvspela, resten kjem i neste divisjonshelg. Bogø leier 40–26 i IMP og ligg på 3. plass totalt, medan lag Andresen er på 5. plass.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
 
Navn: Espen Gisvold Dato: 22.11.2023
E-post: espen.gisvold"gmail.com Hjemmeside: Ingen hjemmeside
Kommentar:
Du har (nesten) stjålet en av min gamle overskrifter i KK ("Jakten på Damer"):D