AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Keisamt buttspel?
Polske Michał Klukowski har figurert ei rekkje gonger i denne spalta, og det er ikkje så rart, då han av mange blir rekna for ein av verdas beste spelarar og definitivt eit usedvanleg talent – han er enno berre 27 år gamal.

Han og Sveits tok altså rotta på Noreg i finalen i Bermuda Bowl. Men då desse to laga barka saman i grunnspelet, dominerte Noreg. Spesielt hadde Grude–Helgemo solid tak på Brink–Drijver. Mellom anna dukka det opp eit spel der Helgemo førte korta mykje meir aktuelt enn Klukowski på det andre bordet.

 
D 4
9 5 3 2
K 8 5 3 2
kn 4
 
K 9 8 7 5 2
10
E 6
8 7 3 2
kn 6
E kn 8 7 6
D 9 4
10 9 6
 
E 10 3
K D 4
kn 10 7
E K D 5
 
 
VestNordØstSyd
1 kl
1 spdblpass2 gr
pass3 grpasspass
pass


Meldingsforlaupet var i praksis som skissert i diagrammet på båe bord. Sei at vest byrjar med ei inviterande spar to; korleis planlegg du spelet?
 
Det verkar normalt å leggje lågt i bordet, sidan det sikrar eit dobbelt sparhald – å hive i dama kan vera katastrofe om aust skulle ha kongen.
 
Denne gongen legg aust, meir forventa, knekten, og esset vinn. Du har no to sparstikk, og du har fire kløverstikk. Matematikken blir då såleis at dersom du verkeleg får sving på ruteren, har du fort nok stikk der. Men det fordrar nok litt flaks og kanskje òg teft, for det er ikkje berre esset og dama du skal takle, det er niaren òg. Om du derimot får eit par hjarterstikk, kan det greie seg med eitt ruterstikk i tillegg. Så er sparen naturlegvis ein stor trugsel – å til dømes sleppe aust inn på ruter dame i fyrste stikk og så få spar attende, vil vera dauden.
 
Klukowski var ein hårsbreidd unna denne ublide lagnaden. Han drog ruter ti, og la liten i bordet. No er han eigentleg tre beit! Men diverre vreid Christian Bakke til hjarter, og kontrakten var i hamn igjen, endåtil med eit overstikk.
 
Eg skal ikkje prøve å forklåre kvifor Bakke skifte farge, kanskje skjedde det noko ved bordet som ikkje var openbert for ein publikummar på BBO, og skiftet kunne sjølvsagt ha vore riktig med anna kortfordeling.
 
Helgemo, derimot – som altså fekk same utspel til knekten og esset – drog straks ein ruter til kongen! Deretter hjarter; Bas Drijver i aust gjekk opp med esset for å spela ny spar. Men ni stikk var trygge, 400 på bok – og eitt IMP ut.

Neste gong eg møter Helgemo, må eg hugse å spørja han om resonnementet bak speleføringa. Kanskje var det så enkelt som at ruter til kongen og hjarter til kongen fordra mindre vanskeleg gjettverk enn den speleføringa Klukowski la opp til? Iallfall synest eg at Helgemo hadde fortent ein utgangssving inn, men det får vera ei grei trøyst at Noreg vann kampen pene 38–12 iIMP, 16,09–3,91 i VP. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger