AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Umogleg?
Før all snø har smelta og vinteren går fullstendig over i gløymsla, skal vi ein liten tur tilbake til jula, og den etter kvart tradisjonsrike Proffen-cupen i Trondheim. Feltet er sterkt, men det er også ølet i denne utprega sosiale tevlinga.
 
Denne gongen ei uhyre vanskeleg meldeprøve, som ingen greidde, og som det kanskje er umogleg å greie.

 
D 9 8 7 4 3
K 4
E 9 6
7 5
 


Du sit i nord med fylgjande hand, og får deg ei lita overrasking idet aust opnar med 4 spar! Ikkje lenge etter at den obligatoriske stoppen er oppheva, byksar makkeren din til 6 kløver, som vest melder pass på. Tankar?
 
Du synest kanskje ikkje at dette er eit problem i det heile. Finst det noko anna å gjera enn å passe? Makker har kanskje strekt seg litt med hoppet sitt, og ein kan vel ikkje straffe han for å ha teke ein vellykka sats ved å presse på ytterlegare? Å gamble på storeslemsnivå er heller ingen god strategi sånn generelt, det blir fort kostbart …
 
Men, det må vera lov til å tenkje igjennom kva slags hand sør skal kunne ha for hoppet til 6 kløver. At han er renons i spar, er jo bortimot garantert idet aust opnar med 4 av sorten, som normalt er basert på sju eller fleire kort. Med andre ord er det grunn til å tru at både hjarter konge og ruter ess er nøkkelkort for sør, men han melde altså 6 kløver utan dei. For å seia det på ein annan måte: Kan han mangle noko særleg meir enn desse to raude honnørane for hoppet sitt?
 
Tja. Med noko à la renons i spar, singel hjarter, konge, dame, knekt femte i ruter og gåande sjukorts kløver kan sør sjølvsagt velja å gamble på at makker må ha eit raudt ess. I tillegg kan ein rekne med litt skeivsits, og det er alltids mogleg at trumfen kan sitja svært uheldig om sør skulle ha ess, konge åttande eller liknande.
 
Er det ikkje likevel med oddsen at det står storeslem? Vel, mitt kall er som vanleg «ei at svare, kun at spørge», men sikkert er det at ein løft hadde gjeve rein topp i Proffen-cupen, då heile given såg slik ut:

 
D 9 8 7 4 3
K 4
E 9 6
7 5
 
-
9 7 5 2
kn 8 7 5 4 2
kn 10 2
E K kn 10 6 5 2
kn 10 6 3
10 2
-
 
-
E D 8
K D
E K D 9 8 6 4 3
 

 
Stikk til overs, som vi ser. Aust si opning var heilt standard, og på tretten av dei femten borda i tevlinga vart det spela 6 kløver i sør, på to bord berre utgang. Eg seier på ingen måte at nord skal lette, men ein smule overraskande var det at absolutt ingen – ikkje eingong i denne tevlinga med svært laus snipp – fann det for godt å prøve storemompen. Kanskje byrjar gamle heltar å bli … gamle? 

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger