AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Lurt opp i stry
Det er ikkje lenge til 2023-utgåva av amerikanske Fall Nationals, som denne gongen går føre seg i Atlanta. Vi skal ein liten tur tilbake til same tevling i fjor, som noko overraskande vart vunnen av lag Cope, som bestod av Simon Cope, Finn Kolesnik, Kevin Rosenberg og Ishmael Del’Monte.
 
Av dei norske deltakarane var det Boye Brogeland–Christian Bakke på lag Rosenthal som kom lengst, men diverre tapte dei marginalt mot lag Feldman i kvartfinalen. Fylgjande var likevel eit skikkeleg gladspel.

 
D 9 5 3
D 9 7 5
E D 7
E 6
 
kn 2
K 8 3 2
2
kn 9 5 4 3 2
10 8 4
E kn 10 6
K 9 5 4 3
7
 
E K 7 6
4
kn 10 8 6
K D 10 8
 
 
VestNordØstSyd
WillenkenBertheauSilversteinZagorin
pass1 rupass1 sp
pass2 sppass2 gr1)
pass3 sp2)pass4 sp
dblpasspasspass
1) Spørsmål, fyrst og fremst om kor vidt nord har tre eller fire spar
2) Firekorts spar, ingen kortfarge


På det andre bordet spela Boye Brogeland 4 i spar sør utan at motparten melde i det heile. Han fekk ruter to ut, og såg risikoen for at dette kunne vera ein singelton, så han stakk med esset for straks å ta ut trumfen. Etter kvart fekk han elleve stikk.
 
Dette måtte vel bli eit tapsspel for Rosenthal, i og med at Zagorin vart dobla i den same iskalde utgangen? Nei då.
 
Doblinga frå Chris Willenken var utvilsamt av det friske slaget. Eg veit ikkje om han fekk det føre seg at utgangen var meld på knappe verdiar – det er i så fall ein forhasta konklusjon, då sørs hand enno er uavgrensa. Kanskje han berre baserte seg på at det sannsynlegvis sat litt surt. Dobling må i alle høve karakteriserast som ein svært risikabel aksjon, ikkje minst sidan motstandarar på dette nivået godt kan finne på å redoble om dei har kort til det.
 
Også Dan Zagorin fekk ruter ut, men for han var biletet litt meir komplisert enn for Brogeland. Sistnemnde ville òg ha fått nokre utfordringar i si speleføring om trumfen hadde synt seg å sitja skeivt, men med doblinga hadde Zagorin sjølvsagt større grunn til å tro at dette kunne vera tilfelle – sjølv om han nok veit at doblingar i moderne bridge kan vera tufta på andre merksnodigheiter enn berre lang trumf.
 
Heller ikkje Zagorin lét seg freista til å la ruteren segle, han stakk med esset. Så såg han ei moglegheit for å hindre motparten sine ruterstelingar, og etterpå kanskje få ordna med nokre hjarterstelingar i sør: Han drog kløver ess og kløver med plan om å kaste ruter på den tredje kløverhonnøren.
 
Men akk! Aaron Silverstein i aust kunne stela andre kløver, og spela ruter konge og ruter til steling! No var kontrakten i praksis allereie beit, sidan forsvaret må få for hjarter ess, men det vart endåtil ei æresbeit då Willenken spela ny kløver og Zagorin prøvde spar ni i bordet, i staden for å stela med dama og satse på at trumfen no sat jamt.
 
To beit, 500 ut og 15 IMP til lag Rosenthal. Hadde eg vore Zagorin, ville eg ha følt meg grundig snytt her. Men ei stor trøyst var det nok at han til slutt vann kampen.

Av Erlend Skjetne  
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger