AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
I blinde?
Som fersk bridgespelar tidleg på 2000-talet vart eg fascinert då eg møtte ein trøndersk bridgespelar som hevda å ikkje ha bomma eit utspel sidan 1967. I dag er eg ganske sikker på at han må ha bløffa, for utspelet er verkeleg ein vanskeleg kunst å meistre.

I ei ideell verd ville fleire vitskapsfolk ha forska på bridge, slik at ein kunne fått eit betre grunnlag for å vita kva som statistisk sett er rett i ulike situasjonar. Her er ei prøve som mange fekk i 1. og 2. divisjon.

10 5 4
D 9 8 4
K D 3
D kn 6
 
VestNordØstSyd
passpass2 gr1)
pass3 hj2)pass4 sp
passpasspass
1) 20-21
2) Overføring til spar


Kva veit vi etter dette meldingsforlaupet? Sør har ei sterk, nokså balansert hand, og normalt fire- eller femkorts støtte til makkers femkorts sparfarge. Nords hand kan alltids innehalde litt, men ho kan òg vera heilt blank. Det er altså fullt mogleg at motparten er i ein for hard utgang. Makkeren din dobla ikkje 3 hjarter, så du kan gå ut ifrå at han ikkje er lasta der.
 
Du har litt overalt, noko som av og til kan gjera eit passivt trumfutspel til det rette. Makkeren din har normalt maks éin spar, så sjansen for å «myrde» sparen hans er liten. I visse tilfelle spelar ein sjølvsagt trumf ut for å hindre motparten i å hente stelingar. Slik kan det vera denne gongen òg, kanskje helst om sør skulle ha bruk for å stela to kort med sin firekortsfarge i trumf. Men veldig sannsynleg er det kanskje ikkje.
 
Kva er alternativet til trumf ut? Vel, du har jo to sekvensar. Ruteren verkar som ei noko sikrare kjelde til eit motspelsstikk enn kløveren, men båe kan vera rett. Faren er naturlegvis at du gjev bort noko, at sør til dømes har ruter ess og bordet knekten.
 
Du skal få sjå på fasiten:

 
kn 8 7 6 2
10 7
7 6 4
K 9 2
 
10 5 4
D 9 8 4
K D 3
D kn 6
9
5 3 2
kn 9 8 5
E 8 7 4 3
 
E K D 3
E K kn 6
E 10 2
10 5
 

 
Trumfutspel var svært populært rundt om i salen, men førte ikkje fram her. Speleførar kunne ta ut trumfen og setja opp tre hjartstikk til avkast for to ruter, og det vart berre ein hjarter- og to kløvertaparar.
 
Med kløver dame ut må motspelet klaffe. Dersom speleførar bed om liten frå bordet, må vest skifte ruter for at ikkje kløver ni skal bli sørs kontraktstikk. Dersom speleførar stikk kløver dame med kongen, må aust i andre stikk skifte ruter.
 
Med ruter konge ut er kontrakten derimot daud.
 
Ville fleire ha valt det utspelet om nord–sørs hender kunne forventast å vera meir jamvektige, altså ei vanleg opning mot ei opning? Er det riktig å spela passivt ut heller enn frå ein sekvens, berre fordi sør har synt ei sterk hand?
 
Som vanleg stiller eg berre spørsmåla, og overlèt til dykk å finne svaret.

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger