AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Nesten bulletinen
Tor Eivind Grude fekk ein sjeldan sjanse til å fikse eit skikkeleg avisspel i denne vekas kasus, som skriv seg frå Noregs kamp mot sjølvaste USA 2 i Bermuda Bowl. Burde han ha greidd prøva?  

 
E 5 4
K D 10 8 6
4
9 7 5 3
 
8 6
E kn 7 3 2
K 6 5
K D 8
K kn 9 7 3 2
5 4
D kn 10 8 2
-
 
D 10
9
E 9 7 3
E kn 10 6 4 2
 
 
VestNordØstSyd
ZiaHelgemoMeckstrothGrude
1 kl
1 hj2 kl2 sp4 kl
dblpass4 rupass
pass5 klpasspass
dblpasspasspass


Eit noko spesielt meldingsforlaup. Merk at Helgemo valde å støtte makkers kløveropning på fire småe sjølv med denne feite hjarteren. Det fekk fart på saker og ting. Korleis Zias dobling av 4 kløver vart forklåra ved bordet, veit eg ikkje; det er ikkje sikkert at han og Meckstroth var heilt på bylgjelengd. Det er ingen tvil om at doblinga var meint som straff, men Meckstroth hadde kanskje grunn til å ta ut likevel. Så trudde nok Zia at julaftan eller iallfall vesle julaftan var komen, då Helgemo heldt fram til 5 kløver.

Kor mange beiter er så 5 kløver? Tilsynelatande minst ei, kanskje to med spar eller trumf konge ut? Men Zia byrja uheldig med ruter, som gjekk til esset, før ein hjarter gjekk mot bordet. Det er på ingen måte gjeve at det er rett å hoppe opp no, men det gjorde Zia, utan at det hadde noko å seia denne gongen. Inne på hjarter ess skifte han spar, til esset i bordet.

Grude tok hjarter konge med sparavkast, og spela kløver. Dimed var det over, Zia måtte få to trumfstikk. Men med ruterutspel kan kontrakten i teorien alltid vinnast.

Meldingane tyder unekteleg på at kløveren fort kan sitja 3–0 bak. Sjølv om han ikkje skulle gjera det, kan sør neppe tapa mykje på å dra også hjarter dame frå bordet. Skulle ho bli trumfa i aust, kan sør berre overtrumfe, og eg ser ikkje korleis forsvaret skal kunne få meir enn eitt trumfstikk etterpå.

Men idet aust kastar eit kort på hjarter dame, byrjar det heile å bli nokså teikna. Sør kastar sjølv ein ruter, og treng no berre å stela ein hjarter, stela ein ruter, stela ein hjarter, stela ein ruter og stela ein spar, før han er nede på ess, knekt, ti i trumf og ingenting anna. No er det berre å fri seg med knekten eller tiaren, og vest kan ikkje gjera anna enn å vinne stikket og avslutte opp i trumfgaffelen! 550 på bok!


På det andre bordet i kampen vart kontrakten 4 ruter i aust med ei beit, så heimgang ville ha gjeve 11 IMP inn i staden for 4 IMP ut, i ein kamp Noreg tapte 35–22 i IMP, 13,52–6,48 i VP.
 
I skrivande stund går det likevel svært bra med Noreg i VM, så det er noko urettferdig å trekkje fram dette tapsspelet. Innan du les dette, vonar vi at Noreg har kome langt i sluttspelet, eller allereie har vunne VM! Både i open klasse, dameklassen og veteranklassen, naturlegvis.

Av Erlend Skjetne
 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger