AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Uklår ordre
I mange tilfelle kan ei dobling av sluttkontrakten be om eit spesielt utspel, og det kan vera gull verd og av avgjerande tyding for å få tak i beit. Men så er det ikkje alltid at makker greier å finne fram til riktig utspel likevel.

kn 9 6
10 9 4
D 6 5 2
kn 7 2
 
VestNordØstSyd
VersaceGrecoSementaHampson
1 gr
pass3 grdblpass
passpass


Spelet er frå sekstendelsfinalen i Soloway Knockout Teams i haust. Kva spelar du ut etter dette meldingsforlaupet?
 
Det er nok ingen god idé å bruke dobling her som ei generell straffedobling basert på styrke; doblinga må be om eit særskilt utspel. Spørsmålet er kva for eit.
 
Basert på ei forventning om at motparten når dei melder slik ofte har meir minor enn major, bruker dei fleste dobling som eitt av to alternativ: Anten bed det spesifikt om spar ut, eller så bed det om at vest skal spela sin dårlegaste major ut – det vil seia at aust kan doble både på ein god sparfarge og ein god hjarterfarge, typisk ess, konge, dame femte eller for den del konge, dame, knekt femte og eit sideess.
 
Kva vest skal spela ut med handa over, vil altså avhenge heilt av kva avtale ein har med makker. Bed makker om spar, må han sjølvsagt få spar, men bed han om den dårlegaste majoren din, er jo det hjarter.
 
Alfredo Versace–Antonio Sementa på lag Fleisher brukte nok den sistnemnde tydinga av doblinga, for Versace spela hjarter ut, og det vart dyrt.

 
10 7 2
E 8 3
kn 10 9
E K 10 8
 
kn 9 6
10 9 4
D 6 5 2
kn 7 2
E K D 5 3
kn 7 5
8 7 3
4 3
 
8 4
K D 6 2
E K 4
D 9 6 5
 

 
No kunne Geoff Hampson i sør enkelt snelle heim ti stikk, medan spar ut hadde gjeve ei rask beit. På det andre bordet gjekk meldingsforlaupet likt, med den skilnaden at aust ikkje dobla 3 grand. Ironisk nok var vel dette eit spel der nokre ville ha funne spar ut frå vest utan dobling, men aktuelt fall valet på hjarter ti også her – det var jo trass alt ein sekvens.
 
Eit lite sidepoeng er det jo at nord–sør har to andre vinnande utgangar, nemleg 4 hjarter og 5 kløver. Sistnemnde er nok betre, men båe står. Når ein blir dobla i 3 grand, er jo det ei sterk åtvaring mot den kontrakten. Men kven av nord eller sør skulle eventuelt ha teke ut? Det er eit anna komplisert tema som vi ikkje skal gå inn på her, men denne gongen fungerte det altså aller best å la det stå til.

Av Erlend Skjetne 

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger