AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Klassisk avisspel
Engelskmannen David Gold brukte teft og teknikk til å organisere ein vakker heimgang i vekas spel, som skriv seg frå kvartfinalen i det første European Winter Transnational Championships i franske Alpe d’Huez nyleg. 

 
8 7 5
E 10 8
K 8 7
E 8 6 4
 
K kn 2
kn 6 5 2
kn 5 4
K 5 3
D
K 9 7 4 3
10 9 3 2
kn 10 2
 
E 10 9 6 4 3
D
E D 6
D 9 7
 
 
VestNordØstSyd
BurasBlackPszczolaGold
passpass2 hj2 sp
3 hj4 hj1)pass4 sp
passpasspass
1) God lyft i spar


Eg kjenner ikkje systemet til aust–vest, men det faktum at vest valde å byrja motspelet med ruter fem, kan tyde på at aust si opning synte ein minor ved sidan av hjarteren.
 
Gold vann utspelet på handa og spela spar ess og spar, som gav dårlege nyhende. Polske Krzysztof Buras tok ikkje den andre sparhonnøren sin, utan at det hadde noko å seia; han heldt fram i ruter.
 
Nok ein gong vann Gold på handa, og spela så hjarter dame til esset og hjarter steling, ruter til kongen og hjarter til steling. No fridde han seg med spar. Buras kom inn på nytt, og Jacek «Pepsi» Pszczoła (kallenamnet har han fått fordi ingen greier å uttala etternamnet hans) kasta i dette stikket ruterfilla si for å halde hjarter konge i lag med kløveren, noko som gav fylgjande situasjon:

 
-
-
-
E 8 6 4
 
-
kn
-
K 5 3
-
K
-
kn 10 2
 
9
-
-
D 9 7
 

 
Vest måtte naudsynlegvis spela den siste hjarteren sin. Idet David Gold no stal, visste han at det ikkje var anna enn kløver att kring bordet.
 
Det normale er no å spela på at kløver konge sit framom dama, men Gold hadde ikkje tru på dette. Meldingane seier i grunnen ikkje all verda, aust kunne absolutt ha hatt kløver konge, men ofte tenkjer ein sjølvsagt at honnørar i sidefargar sit hjå makkeren til sperremeldaren. Ei anna sak er at vest vil vera meir tilbøyeleg til å skifte kløver frå tiaren eller knekten enn frå kongen, men denne gongen kunne vel ikkje vest ha særleg gode grunnar til å skifte kløver same kva han måtte ha, så heller ikkje det argumentet er tungtvegande.
 
Sikkert er det at Gold las sitsen perfekt, då han drog kløver sju frå handa og la liten i bordet. Då aust var fødd med både tiaren og knekten, vart kortføringa krona med hell: Aust vann og spela liten kløver attende, men Gold la niaren frå handa, og kongen måtte på. 620!
 
Unge Patryk Patreuha på det andre bordet fekk ingen meldingar imot, og greidde ikkje å kopiere Golds speleføring. Spelet gav 12 IMP til det svensk-engelske lag Black, men det hjelpte diverre ikkje i den store samanhengen: Motstandarane på lag Nikos vann kampen 113–78 til slutt, og kom heilt til finalen mot lag Zimmermann. Der tapte dei diverre stort.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger