AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Det minste av vonde
Som nokre vel har fått med seg, vart det det ein må kunne kalle ein favorittsiger i Soloway Knockout Teams under dei amerikanske Fall Nationals i Atlanta, Georgia nyleg, då lag Zimmermann trekte det lengste strået i finalen mot lag Street. Her er eit litt morosamt og kanskje lærerikt spel frå Zimmermanns semifinale mot lag Goodman.

Kva melder du her?

8 4 2
kn 7 3 2
8 7 5
kn 5 2
 
VestNordØstSyd
1 rupass1 hj
dblpass?


Handa di er anemisk, men makkeren din har måla deg inn i eit hjørne med doblinga si. Alle meldingar er motbydelege, men om du passar – noko som òg er ei melding, vil einskilde hevde – har sør moglegheit til å passe ut. Og du har vel ikkje særleg tru på beit i 1 hjarter dobla, har du det?

Her kan det hjelpe å kjenne godt til scorane for ulike bridgeresultat. Alle veit at dobla sonebeiter er kostbare, og du kan nok fort koma til å gå nokre slike same kva du melder i situasjonen over. Mange har også opplevd at det å doble heim majorkontraktar på 2-steget byrjar bli dyrt: 2 hjarter dobla i hus gjev heile 670 i sona, 470 utom sona.
 
Men – kontraktar på 1-steget, anten det no er i minor, major eller grand (samt minorkontraktar på 2-steget), er ikkje på langt nær så dyre: 1 hjarter dobla med sju stikk gjev 160 både i og utom sona. I sona svir overstikka godt, det blir 360 for åtte stikk, 560 for ni og så bortetter, men utom sona er kostnaden berre 100 per overstikk, altså 260, 360 og så bortetter.

På dette grunnlaget sa Jacek Kalita – i den skisserte situasjonen – pass! Han rekna nok definitivt ikkje med beit. Men han frykta at det å melde noko anna ville bli dyrare. Pass sa også Bauke Muller i sør, og heile spelet såg slik ut:

 
kn 10 6 3
8
E 10 9 3
E D 10 9
 
E K 5
E 9 4
D kn 4 2
8 4 3
8 4 2
kn 7 3 2
8 7 5
kn 5 2
 
D 9 7
K D 10 6 5
K 6
K 7 6
 
 
VestNordØstSyd
Klukowside WijsKalitaMuller
1 rupass1 hj
dblpasspasspass

 
I 1 hjarter dobla vart det to overstikk, altså for scoren 360. På dette vann Kalita 2 IMP! For på det andre bordet melde og vann nord–sør 3 grand med eit overstikk, for 430. Gevinsten kan seiast å ha vore endå større samanlikna med eit mogleg resultat om Kalita faktisk hadde meld noko: No er det ikkje sikkert at nord–sør får teke aust–vest, men om dei gjer det, er vi nok i territoriet 800–1100.

Eitt argument til for passen er at nords fråvær av ei støtteredobling gjer det noko trulegare at vest faktisk har nokre hjarter, slik at det fort ikkje blir tusen stikk i 1 hjarter dobla.
 
Eg er noko overraska over at botnsolide Bauke Muller ikkje redobla 1 hjarter med så gode kort i desse lukrative sonetilhøva. Kan han ha frykta at makker ville misforstå og ta dette for ei SOS-redobling? Det verkar tvilsamt at det skal vera det her, spesielt på grunn av sonetilhøva, men den saka kan du jo diskutere med din eigen makker.

Av Erlend Skjetne 
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger