AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Fanga!
Det er morosamt når det dukkar opp klassikarar ved bridgebordet. Så gjeld det berre å kjenne dei att i rette augneblink. 

 
7 6 5
D 8 7 5
10
D 8 7 6 2
 
E K 10 4
K kn 9
kn 7 4 2
9 4
 
VestNordØstSyd
passpass1 ru
passpass1 sp2 kl
2 gr1)3 klpasspass
3 sppasspass4 kl
passpasspass
1) Firekorts spar, invitthånd


Spelet skriv seg frå ein kamp i Gauldalsserien i Sør-Trøndelag nyleg. Mot 4 kløver byrjar du med spar ess, som makker fylgjer med dama på. Sør legg niaren. Kva no?
 
Eit rutinert makkerpar vil nok ha ei slags felles forståing kring ein situasjon som denne. I utgangspunktet viser jo eit påspel av dama under eit essutspel ganske enkelt at ein òg har knekten, og toler eit underspel av kongen. Når båe motspelarar «veit» kor mange kort dei til saman har i ein farge, og til dømes kan rekne ut at speleførar må ha singelton, vil det vera fornuftig å bruke kastet frå makker til utspelaren som lavinthal heller enn styrke/svakheit.
 
I dette tilfellet bør du nok, same korleis du tolkar spar dame, tenkje at eit hjarterskift må vera vegen å gå. For dersom sør skulle ha hjarter ess, ser det ut til at aust må sitja på både eit ruter- og eit kløverstikk om denne kontrakten skal kunne gå beit. Det er nok langt mindre sannsynleg enn at aust rett og slett har hjarter ess.
 
Om du no skal skifte hjarter, kva hjarter skifter du? Det er det store spørsmålet.
 
Slik såg heile spelet ut:

 
7 6 5
D 8 7 5
10
D 8 7 6 2
 
E K 10 4
K kn 9
kn 7 4 2
9 4
D kn 8 3 2
E 3 2
9 8 3
K 10
 
9
10 6 4
E K D 6 5
E kn 5 3
 

 
Du ser vel løysinga? Hjarter knekt er kortet som må i disken. Dette blir kalla eit «surround play», fordi ein på same tid set nords dame og sørs tiar i saksa.
 
Denne gongen er det nok heller ingen tvil om at det er rett å spela knekten. Skulle aust ha ess, ti, spelar det inga rolle kva ein gjer, så knekten er gratis.
 
4 kløver med ei beit hadde vore eit godt resultat for aust–vest. Om vest ikkje skifter hjarter, blir det endåtil elleve stikk i kontrakten, då sør kan godstela ruteren sin til heile tre hjarteravkast i bordet. 3 spar aust–vest er også kistebeit, så sørs 4 kløver var slik sett ein god gamaldags «vaskestamp».
 
Men vent no litt: Fasiten, Deep Finesse, seier like fullt at 4 kløver dobla med ei beit er par score på spelet, altså det beste båe sider teoretisk sett kan oppnå slik korta sit. Kva kan det koma av, når 3 spar så openbert er beit?
 
Jo, aust–vest kan vinne ein ganske annan kontrakt, nemleg 3 grand! Spela i aust, riktig nok. For der er kløver konge gardert, og om aust ikkje får på den, kan han i ro og mak godspela eit ruterstikk. Alt han då treng i tillegg til dei fem sparstikka, er tre hjarterstikk – og det kan han fikse med akkurat same hjartervariant som i motspelet mot 4 kløver, altså å dra knekten og myrde dama og tiaren i eitt. Festlege saker!

Av Erlend Skjetne

Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger