AESTON by Osigraf & Gnizt
Bridge i Norge - Hjem
 
Handle hos BIN Abonner på BIN Ukens spill Ekspertklubben Nøtteknask
>>> Forsiden / Ukens spill
 
Avslørt kongepar
Den prestisjetunge lagtevlinga Vanderbilt under dei amerikanske Spring Nationals i Louisville, Kentucky enda med ein heilamerikansk finale mellom laga Bathurst og Nickell.
 
Nickell vann det fyrste av dei fire setta med 32 IMP, men deretter jamna det seg ut, og før det siste settet var det Bathurst som leia med 7. Så vart det einvegskøyring, 59–14 i Nickells favør i siste sett.
 
Lag Nickell har vunne ei stor mengd titlar oppgjennom åra, men har kanskje ikkje vore fullt så synleg i det siste, moglegvis fordi stjerneparet Jeff Meckstroth–Eric Rodwell har slutta å spela i lag, iallfall inntil vidare. Men i Vanderbilt viste altså Nickell glimt av gamal stordom, med oppstillinga Nick Nickell–Ralph Katz, Eric Greco–Geoff Hampson og Steve Weinstein–Robert Levin.
 
Nick Nickell er sponsor og truleg eit noko veikare ledd enn dei andre. Men i vekas spel, som skriv seg frå tredje sett i finalen, var han helten.

 
kn 10 6 3
D
9 8 6 2
9 8 7 2
 
K
E 10 8 7 6 5 4
D 4
D 10 9
9 8 4 2
3
10 7 5 3
E kn 6 5
 
E D 7 5
K kn 9 2
E K kn
K 3
 
 
VestNordØstSyd
ComptonKatzSmithNickell
passpass2 gr
3 hjdblpass3 sp
pass4 sppasspass
pass


På det andre bordet var Steve Weinstein i vest taus over 2 grand. Deretter spela han ein liten kløver ut mot 4 spar, til esset, før Levin skifte trumf. Weinstein fekk på kongen, og spela no hjarter ess og ein hjarter. Om Kevin Bathurst hadde greidd å stela denne med spar knekt, måtte han framleis ha toppa ut ruter dame for å vinne kontrakten. Det var heilt naturleg å kaste ruter frå bordet då Weinstein spela den andre hjarteren, og Bathurst var nok eigentleg klar til å claime no. Men så trylla Levin fram ein trumf, og beita var eit faktum.
 
Nickell fekk hjarter ess og hjarter ut. Han syntest dette såg såpass suspekt ut at han stal med spar knekt i bordet, og så skjedde det interessante at Ron Smith i aust ikkje stal over, men heller kasta ein kløver.
 
Eg tviler på at dette tyde at aust ikkje har spar konge; med til dømes kongen fjerde kan det sikkert vera vinnande å avstå frå oversteling for å prøve å fremje eit ekstra trumfstikk eller forkludre sjølve trumfkontrollen for sør. Men Nickell trudde tydelegvis ikkje på eit slikt scenario, for han spela spar til esset. Kongen ramla som bestilt.
 
Framleis er det mogleg å gjera feil. Aust har krav på eit trumfstikk, og sør har berre eitt inntak i bordet no, på spar ti. Denne brukte Nickell korrekt til å spela kløver til kongen, som heldigvis stod, før han også tok spar dame – bordet vart med dette fritt for trumf og aldeles daudt. Så spela Nickell hjarter konge.
 
Aust trumfa med spar ni, og gjorde no sitt beste ved å skifte ruter. Sør kan sjølvsagt tenkje at aust har gjeve han ei gåvepakke ved å spela frå dama, men Nickell stolte på at aust ikkje var så dum, og stakk med esset. Den eigentlege sjansen hans med eit inntakslaust bord var jo at ruter dame sat singel eller dobbel – og det gjorde ho! 620 på bok.
 
Spelet gav 12 IMP til lag Nickell på vegen mot siger i Vanderbilt. 

Av Erlend Skjetne
Skriv en kommentar:
http://  Kode:
Ingen meldinger